Hopp til innhold

Aksel var ein heilt vanleg 16-åring før han tok covidvaksinen

Før tok Aksel Ravnøy Håvik (16) trappa i to jafs. No tek den same turen 40 minutt.

Før tok Aksel kjellartrappa heime på sekundar. Særleg om han hadde det travelt for å rekke skulebussen eller kome seg kjapt ut for ein sykkeltur med kompisane.

No har den same trappa blitt nærast umogleg å kome seg opp.

Frå ein dag til neste i september i fjor blei livet snudd opp ned.

Stikket som kan ha endra alt

Så langt har over 4 millionar nordmenn fått koronavaksinar.

Aksel er ein av dei.

Det var avisa Firda som først fortalde om Aksel.

Då han fekk Pfizer-vaksinen 2. september i fjor, var livet fint. 16- åringen hadde akkurat byrja på vidaregåande skule.

– Eg fekk ein fantastisk start, seier han frå rullestolen heime i stova i Folkestad i Fjaler.

Klassen, faga og lærarane. Alt var heilt topp. Han gleda seg til fest med alle dei nye vennene sine.

Men noko skjedde etter denne septemberdagen. For Aksel kom seg aldri på festen alle andre var på.

Dagen etter vaksinen blei tenåringen dårleg. Han blei liggande på sofaen med feber, slappheit og forkjøling. Etter nokre dagar gjekk alt over, men ikkje slappheita i kroppen.

Den blei snarare verre.

Så begynte det eine augeloket å sige ned. Og så det andre.

Legane klødde seg i hovudet. Det blei innlegging på sjukehuset i Førde og seinare i Bergen. Mange undersøkingar, men ingen svar.

Aksel blei dårleg etter koronavaksinen og enda på sjukehus.

SJUKEHUS: Akse hamna på sjukehus både i Førde og i Bergen, men legane sleit med å finne ut kva som var gale. Heile familien rundt var kjemperedde for at det var noko alvorleg gale med 16-åringen.

Foto: Privat

Samstundes blei Aksel dårlegare og dårlegare.

Dei tre småsøskena heime, Mathilde (10), Ronja (14) og Peder (12) var redde for at storebror skulle døy.

Foreldra blei like bekymra. Dei forstod ikkje korleis Aksel plutseleg kunne bli så dårleg. Kunne det vere vaksinen?

Men legar både i Bergen og i Førde avviste dette.

– Vi følte vi blei møtt av eit arrogant helsevesen, som meinte det ikkje hadde nokon samanheng, seier mora til Aksel.

Seinare har legane blitt mindre sikre. I journalen til Aksel er det ingen diagnose med to strekar under svaret, men eit spørsmål om helseproblema kan vere ein biverknad av vaksinen.

Legane meiner at Aksel har fått fatigue. Kva som er prognosen framover er uviss.

Aksel Ravnøy Håvik

80 born med alvorlege biverknader

Pfizer Noreg er gjort kjent med historia om Aksel. Joachim Henriksen som er kommunikasjonssjef for Pfizer i Noreg, seier det er leit å høyre om 16- åringen.

Han viser til at det er Statens legemiddelverk som er den rette instansen for å vurdere moglege biverknader.

Så langt har 58.985 personar meldt inn biverknader etter koronavaksinen. Av desse blir 6029 av dei rekna som alvorlege, opplyser Statens legemiddelverk, som sit med oversikta.

Hilde Samdal, seniorrådgjevar i Statens legemiddelverk, fortel at 80 av dei alvorlege sakene handlar om born og unge med biverknader som hjartebetennelsar, svime og allergiar.

Born og unge har same type biverknader som vaksne.

Saker så alvorlege som Aksel si, er ikkje vanleg, seier Samdal.

Aksel blei sjuke etter koronavaksine. Her med søstera Ronja.

FØR: Aksel var ein heilt vanleg 16-åring før vaksinen 2. september i fjor. No har livet hans endra seg totalt. Her med veslesøster Ronja.

Foto: Privat

Kvar dag sit den enorme trøyttleik i kroppen og gjer mykje tungt.

Auga er framleis lyssensitive. Og stemma som før prata i veg, spelte inn YouTube-videoar, snakka i klasserommet, og jodla med familien, den er borte.

No må han presse orda fram.

Kampen mot trappa

Det opne kystlandskapet på Folkestad i Fjaler er farga i grått denne maidagen. Regnet høljar ned. Ikkje ei sjel er å sjå ute, berre nokre sauer brekar mismodig i våt ull.

– Kom igjen! Bra, Aksel!

Hendene til 16- åringen klamrar seg om rekkverket på trappa. Han pustar tungt. Prøver å drage seg oppover, prøver å tvinge beina med. Men beina stretar imot. Heile kroppen stretar.

Aksel Ravnøy Håvik trener på å gå i trappa.

TØFF: Før tok Aksel trappa gjerne i to jafs. Etter at han blei dårleg tok det han 40 minutt å kome seg til topps. Etter tilbakefallet i mars slit han med å greie eit par steg.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Mamma Ida heiar sonen fram. Ho motiverer så godt ho kan, men pressar ikkje for hardt. Då får Aksel frykteleg vondt i hovudet og kastar opp.

16-åringen jobbar i fleire minutt. Til slutt har han fått den eine foten opp på det første trappetrinnet.

Aksel orkar ikkje meir.

– Nei, no må eg ha meg eit glas brus, seier han.

Å ha ein sjuk storebror er utfordrande for søskenflokken. Men det har også gjort at dei har kome tettare på kvarandre.

Aksel og veslebror Peder (12) likar å sjå film og spele PlayStation i lag. Søstrene er også glad i å vere med storebror.

Men som i alle andre familiar blir det også litt terging, fortel Mathilde (10).

Aksel sitt liv endra seg etter koronavaksinen. T.v: Aksel, Ronja, Peder og Mathilde.

SAMHALD: Søskenflokken har vore ekstra mykje saman i tida etter at Aksel blei dårleg. PlayStation er ein aktivitet dei aller likar godt.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Aksel merkar han blir fort sliten når han er med venner. Det er også sårt å sjå at alle andre rundt han lever liva sine som vanleg.

To timar i veka er han på skulen i Dale i lag med dei andre. Han blir fort sliten, men er glad for å få ein liten bit av det normale.

Dei har fått beskjed om at helsevesenet ikkje har fleire kurar dei kan gi. No er det kommunen som må hjelpe.

Aksel Ravnøy Håvik i balansetrening. Her med mamma Ida Ravnøy Fretland

TRENING: Aksel og mamma Ida trenar kvar dag. Her er det balansetrening det går i.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Søkjer erstatning

Norsk pasientskadeerstatning har fått inn 538 saker frå pasientar som meiner dei har fått skader og biverknader etter vaksinen. Sju av desse er born og unge under 19 år.

Alvorsgraden varierer stort.

Anne-Mette Gulaker

ERSTATNING: Norsk pasientskadeerstatning har fått inn 538 saker så langt frå personar som meiner dei har fått skader og biverknader etter koronavaksinen. Sju av sakene gjeld born under 19 år, seier avdelingsdirektør Anne Mette Gulaker.

Foto: NPE

– Mange har heldigvis fått lettare og forbigåande skader, men det er også dødsfall blant dei, seier Anne Mette Gulaker, avdelingsdirektør i Norsk pasientskadeerstatning.

Dersom det ikkje er andre meir sannsynlege årsaker til plagene, kan personen ha krav på erstatning.

Så langt har 45 personar fått medhald i erstatningssakene sine. 123 har ikkje nådd fram med sakene sine, medan det er 370 saker som enno ikkje er avgjort.

– Er det grunn til å vere skeptisk til vaksine?

– Det er sett over 12 millionar dosar i Noreg av vaksinen, så ut frå det talet, er talet heldigvis ikkje så stort, seier Gulaker, og legg til at for dei personane som har blitt råka, er biverknadane sjølvsagt alvorlege nok.

Familien til Aksel er i gang med å søke erstatning.

Aksel Ravnøy Håvik (16) tok koronvaksinen. Det kan ha endra livet hans. Her med familien: T:v Terje Fretland, Mathilde(10)Ronja(14), Ida, Aksel(16) og Peder(12)

FAMILIEN: Heile familien har fått livet sitt endra etter at Aksel blei dårleg. Til venstre: Terje, Mathilde (10) Ronja (14), Ida, Aksel (16) og Peder (12).

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

– Vi gjekk frå å ha ein livsglad og frisk ungdom, til ein pleietrengande ungdom, seier Ida.

Aksel og familien vil berre ha den vanlege kvardagen tilbake.

– Eg saknar å springe opp trappene, ta meg mat sjølv. Skulen. Det vanlege livet. Eg saknar alt, seier Aksel.

Kan ikkje vite for sikkert

Familien i Fjaler er sikre på at det er vaksinen som er årsaka til at guten deira blei sjuk.

Men Helse Førde kan ikkje slå dette fast.

Asle Kjørlaug, fagdirektør i Helse Førde, seier det ofte er naturleg å tenkje at ting har ein samanheng når dei skjer tidsmessig nært i tid. Men, det er ganske utfordrande å finne ut om det er ein reell samanheng likevel.

– Det er ikkje mogleg å seie definitivt ja eller nei. Då blir det sannsynsrekning, seier han.

Det er fleire andre som har vore innlagt ved Førde sentralsjukehus med immunologisk reaksjon etter vaksine, seier Kjørlaug.

Fagdirektøren beklagar at familien opplevde helsevesenet som arrogante.

Foreldra til Aksel har friteke Helse Bergen frå teieplikta. Klinikkdirektør Ansgar Berg ved Helse Bergen, vil ikkje uttale seg om helsetilstanden til 16- åringen fordi han er mindreårig.

Året som blei teke frå han

Aksel elskar soverommet sitt nede i kjellaren. Her har han datamaskina, her kan han game, lytte til lydbøker eller berre slappe av.

Her kjem også tårene. Eller ein frustrert knyttneve i puta. Det er tøft og vondt. Då er vennene gode å snakke med.

Aksel Ravnøy Håvik sitt liv endra seg etter koronavaksinen.

HOBBY: Aksel er veldig glad i dataspel og det går med litt tid til det. Men i mange månader var han så dårleg at han knapt orka noko form for skjerm.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

På soverommet hans heng eit banner han fekk då han slutta på ungdomsskulen. «Årets venn», står det der. Ei utmerking han blei svært glad for.

No vil han berre vere med kameratane som før.

Å ta ein sykkeltur ned på lokalbutikken, reise innom fotballbana. Prate. Le i lag. Gå på skulen, vere med klassen. Ja, til og med matte saknar han.

– Dette året har blitt tatt frå meg. Det skulle vere det beste året i livet mitt. Eg var så gira og så klar. Og så skjedde dette.

16-åringen sitt største ønske er å få livet tilbake slik det var før september i fjor.

Aksel Ravnøy Håvik

USIKKERT: Aksel har tøffe dagar og veit ikkje heilt kva som skjer framover, men vel å sjå positivt på livet. – Å vere trist er det ikkje noko hjelp i, seier han.

Foto: Astrid S. Korsvoll / nrk

– Eg kan ikkje berre legge meg ned og gi opp, seier han.