Hopp til innhold

Airlift sikra seg storkontrakt med Kystverket

Helikopterselskapet Airlift startar no jobben med å kjøpe inn fleire helikopter og tilsette fleire pilotar.

Montering av TV-mast på Hafstadfjellet i Førde.

SKAL FLY FOR KYSTVERKET: Airlift skal frakte losar til og frå fartøy som skal til land ved dei største oljeterminalane langs norskekysten

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Gaular-selskapet vann konkurransen om å få frakte losar til og frå fartøy som skal til land ved dei største oljeterminalane langs norskekysten. Administrerande direktør Stian Hårklau ventar oppsving i aktiviteten, også lokalt.

– Flyginga kjem i første rekke til å skje ut frå Bergen og Hammerfest. Men når vi får ei så stor kontrakt vil det og styrke fagmiljøet og kompetanse på Bringeland, seier Hårklau.

Ei av dei største

Kontrakten er ei av dei største i helikopterselskapet si historie, men Hårklau vil ikkje vere konkret på kva kontrakten betyr i kroner og øre.

– Kontrakten er betydeleg, men omsetningstal ynskjer eg ikkje å gå inn på no. Det er ei stor kontrakt som har stor verdi for Airlift.

Kontrakten med Kystverket inneber at Airlift no skal frakte losar til og frå dei største fartøya, og fartøy som fører farleg og/eller ureinande last som går til terminalane Kårstø, Sture, Mongstad, Nyhavna og Melkøya.

– Vi får ei trygg og god helikopterteneste med denne avtalen, og til ein lågare pris enn vi har i dag. Det er eg godt nøgd med, seier losdirektør Erik Blom.

Fleire tilsette

Kontrakten med Kystverket er på seks år, med opsjon på ytterlegare to år.

– Ut over hausten no kjem vi til å kjøpe inn fleire helikopter og tilsette fleire folk, seier Hårklau.