Torsdag føremiddag gav Luftfartstilsynet Airlift beskjed om å sette alle helikoptera som blir nytta til innanlandsflyging i Noreg på bakken. På ettermiddagen hadde tilsynet og Airlift eit møte i Oslo, og der fekk Gaularselskapet klarsignal til å fly igjen.
- Vi og Airlift er samde om kva erfaringar vi kan trekke av ulukka, etter det som er kjent så langt. Airlift har sagt at dei som straksløysing vil kutte denne typen flygingar, og at dei vil suspendere fartøysjefen, seier Jan Bengtson i Luftfartstilsynet.
Pilotane må til samtale
Luftfartstilsynet meiner at Airlift tek det som skjedde svært alvorleg. Men tilsynet krev at pilotane skal gjennomføre ein samtale med flygesjefen i Airlift om det som skjedde i dødsulukka onsdag kveld. Først då får dei starte flyginga igjen.
- Vi er klar over at innlandsflyging med helikopter er ein kritisk form for flyging, som skjer på ein annan måte enn ruteflyging med fly. Airlift har hatt ein del ulukker, men vår oppfatning er at selskapet har teke dette på alvor og at dei gjennomfører dei tiltak som er nødvendige, seier Bengtson.
- Sjokk for selskapet
Han seier at ulukka var ei stor overrasking for Luftfartstilsynet, og eit sjokk for selskapet.
- Vi meiner på ingen måte at det nødvendig å passe betre på Airlift enn andre selskap.
- Var flyginga i går ei risikoflyging?
- Nei, men når Airlift har stogga den typen flyging, så ligg det vel i det at risikoen er større enn dei likar.
Bengtson seier at dei og Airlift har eit godt bilete av kva som skjedde under ulukka.
- Men eg vil ikkje seie noko meir enn det, når politiet og havarikommisjonen driv med etterforsking av saka, seier han.
-
Heller ikkje administrerande direktør i Airlift Bjarne Slapgård vil seie noko om årsaka til ulukka i går, og seier suspenderinga av fartøyssjefen ikkje tyder på at ansvaret for ulukka ligg på piloten.
- Det er ein del av det vi gjer for å kunne ha ein førebyggjande aksjon i påvente av kva som skal skje i forhold til Havarikommisjonen og klarlegging av ulukkesårsaka, seier Slapgård.