Hopp til innhold

Ahus bad om hjelp – Gro og Jørund heiv seg rundt

Etter eit svært krevjande år er intensivsjukepleiarane på Ahus i Lørenskog utslitne. No har dei fått med seg fleire intensivsjukepleiarar frå andre sjukehus som kjem dei til unnsetning.

Intensivsjukepleiarar frå Førde til Ahus

PAKKA OG KLARE: Intensivsjukepleiarane Jørund Volle og Gro Utkilen reiser i dag til Lørenskog for å hjelpe til på intensivavdelinga til Ahus.

Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

I ein tidlegare versjon av saka skreiv vi at det vert sendt 20 intensivsjukepleiarar frå Helse Bergen. Det riktige talet er foreløpig 10. Det er no retta.

– Vi bestemte oss i går, så vi har ikkje hatt så lang tid til førebuingar, fortel intensivsjukepleiar Gro Utkilen.

Dei to intensivsjukepleiarane ved Førde sentralsjukehus sette seg i bilen i dag med kurs for Akershus universitetssjukehus.

– Vi føler at vi kanskje har deltatt litt lite, så det er kjekt å kunne delta litt og sanke erfaringar med korleis dei løyser situasjonen, fortel intensivsjukepleiar Jørund Volle.

Det var VG som fyrst omtalte saka.

Utslitne sjukepleiarar

– Når vi no er i full fart inn i bølge tre og merkar så stor pågang av intensivpasientar, så er det ein krevjande situasjon, seier HR-direktør ved Ahus, Jan Inge Pettersen.

Onsdag vart det registrert 1156 nye smitta i Noreg. Det er det høgaste talet som er registrert under pandemien.

Ahus er det sjukehuset i landet som har størst belastning av covid-pasientar og pasientar på intensivbehandling. No har dei bede om hjelp.

– Vi sende ein førespurnad til andre sjukehus om det er mogleg å rett og slett låne intensivsjukepleiarar frå andre sjukehus i landet, fortel Pettersen.

Jan Inge Pettersen

GLAD OVER RESPONS:– Det er ei veldig dugnadsånd, seier HR-direktør på Ahus, Jan Inge Pettersen. 

Foto: Ahus

Karantenereglar gjer at dei ikkje lenger har tilgang til vikarar frå andre land, til dømes Sverige. Det legg eit ekstra stort press på dei faste intensivsjukepleiarane ved Ahus.

– Det har vore eit veldig krevjande år og når det blir så lang varigheit så er folk veldig slitne etter å ha stått på så lenge, seier HR-direktøren.

– Overveldande respons

– Vi synest det er heilt fantastisk. Det viser ein vilje til å bidra til oss som har det såpass krevjande, seier Jan Inge Pettersen.

Det var ved lunsjtider onsdag at sjukehuset i Førde fekk førespurnad etter intensivsjukepleiarar. På berre ein time var det to tilsette som melde seg til å reise i dag.

– Det har vore signal ei stund no på at dei har vore ganske køyrde og at dei trenger personell. Så no var vi klare til å hjelpe til, seier leiar for intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus, Wenche Hårklau Vallestad.

– Motivasjonen er å kome heim med mykje erfaring som vi kan vidareføre her om vi får bruk for det, legg ho til.

Per no har dei henta inn fleire intensivsjukepleiarar frå desse områda:

  • 10 frå Helse Bergen
  • 2 frå Helse Førde
  • 2 frå sjukehuset i Stavanger
  • 5 frå sjukehus på Sørlandet
  • 2 frå sjukehuset Helgeland
Geir Lende, Klinikksjef ved Stavanger universitetssjukehus.

VIKTIG Å HJELPE: – No når vi har det rolegare er det rett og rimeleg at vi prøvar å hjelpe, seier klinikksjef ved SUS, Geir Lende. 

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Solidaritetsprinsippet er at du skal hjelpe dei i naud. Før vi veit ordet av det er det vi som treng hjelp frå andre, og då er det greitt at vi har gitt hjelp då vi hadde anledning til det, seier klinikksjef ved Stavanger universitetssjukehus, Geir Lende.

– Vi har spurt fleire sjukehus, men vi har full respekt for at intensivsjukepleiarar er mangelvare. Det er ei kompetansegruppe som det er lite av generelt, seier Jan Erik Pettersen.

Sjukepleiarane på Ahus er også letta over hjelpa som er på veg. HR-direktøren fortel at dei berre har fått positive tilbakemeldingar.

– Dei er veldig glade for å få bistand. Det lettar situasjonen for den enkelte at det er fleire som kan ta vakter og stille opp. Det lettar presset på dei som er på Ahus fast, fortel han.

Pakka sekken i dag

Intensivsjukepleiarar frå Førde til Ahus

HEIV SEG RUNDT: – I dag har eg pakka sekken, fortel Jørund Volle (til høgre).

Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

Intensivsjukepleiarane frå Førde er ikkje heilt sikre på kva dei går til, men er likevel med godt mot.

– Eg har jo tenkt over situasjonen og det som ventar meg. Eg trur det blir travelt og tøft, men vi får stå i det, seier Gro Utkilen.

– Vi er jo bra drilla på ein del ting og er oppdaterte, men vi har ikkje stått i det sånn som dei. Vi har ikkje den erfaringa, men vi brukar hovudet og smittevern og prøvar å hjelpe det vi kan, fortel Jørund Volle.