Hopp til innhold

AFK med nytt kritisk gatekunstverk

Gatekunstnaren AFK har hengt opp eit nytt verk på same stad der Listhaug var malt. Denne gongen er det Israel som har hamna under den kritiske penselen.

AFK sitt nye verk i krysset mellom Fosswinckels gate og Hans Holmboes gate.

SAME STAD: AFK har også tidlegare nytta same stad som tidlegare som ramme for gatekunsten sin.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Natt til onsdag kom det opp eit nytt måleri av gatekunstnaren AFK i Bergen. BT skreiv om det nye måleriet fyrst.

Måleriet viser den amerikanske presidenten Donald Trump, den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu og Jared Kushner, Trump sin rådgjevar. Kushner held teikneseriefiguren Handala i eit knegrep under seg.

Knegrepet refererer til det politimannen som er sikta for drapet på George Floyd, heldt.

Verket kritiserer Israel sin planlagde annektering av om lag 30 prosent av Vestbreidda.

– Me prøvar å visa dei som dei kolonistane som dei er. Det er difor dei har så gamle uniformer.

Det seier Morten Heszlein-Lossius. Han er palestinaaktivist og står saman med AFK og ein annan bak verket.

– Flagget er eit teikn på at det ein piratstat som tek for seg som dei vil, utan at det får konsekvensar, seier Heszlein-Lossius.

Morten Heszlein-Lossius framfor AFK-måleriet.

EIN AV TRE: Morten Heszlein-Lossuis er ein av dei tre som var med på å setja opp måleriet natt til onsdag.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Vil at folk skal setja seg inn i Palestina-konflikten

Det er ikkje berre hjørnet i krysset mellom Hans Holmboes gate og Fosswinckels gate i Bergen sentrum AFK har smykka ut i natt.

Fleire stader rundt om kring i byen og på veg inn mot byen heng målingar av teikneseriefiguren Handala. Figuren oppstod på 70-talet, og har sidan blitt eit symbol på det palestinske folket.

– Køyrer du innover mot Bergen frå Åsane ser du nok ein måla Handala, seier Heszlein-Lossius.

Slik vil dei som står bak få enno fleire til å tenkja på kva som skjer mellom Palestina og Israel.

– Me vil at folk ikkje lenger berre skal sitja stille og la ting gå forbi dei, men at folk skal skjøna at dei har ein rolle i det som skjer i verda rundt seg, seier Heszlein-Lossius.

Han meiner også at planane til Israel ikkje har fått nok merksemd i norske media.

Handala og politimann.

STOPPA: Dei tre som var ute i nattas mulm og mørke vart stoppa av politiet etter dei hadde måla opp ein Handala-figur.

Foto: Morten Heszlein-Lossius / Privat

Håpar verket får henga

For to år sidan hengde AFK opp eit bilete av ei korsfesta Sylvi Listhaug same staden. Biletet vart fort malt over, teke ned, restaurert og selt.

Då eit bilete med referansar til Julian Assange kom opp på same hjørnet i august i fjor, sat frivillige vakt for å passa på det.

Denne gongen håpar initiativtakarane at måleriet skal få henga.

– Me har gjort det me kan for at det skal bli veldig, veldig vanskeleg å ta ned, seier Heszlein-Lossius.

AFK heng opp kunst.

GODT SIKRA: Måleriet er ekstra godt sikra denne gongen, opplyser Morten Heszlein-Lossius. På biletet er den anonyme kunstnaren AFK i aksjon.

Foto: Morten Heszlein-Lossius / Privat