Hopp til innhold

200 minutt om fridom: Eit fenomen i motgang

Fridomen til folk bli innskrenka, viser tal frå heile verda. – Absolutt grunn til bekymring, seier årets Aarebrotforelesar, Lars Svendsen.

Den fjerde Aarebrotforelesningen holdes av filosofen Lars Fredrik Händler Svendsen. Tema for forelesningen er frihet. Er frihet mulig? Kan du bestemme hvilken retning livet ditt tar eller er du prisgitt dine omstendigheter?

SJÅ FORELESINGA: Professor Lars Svendsen snakkar i 200 minutt om fridom.

– Fridom er det som skil oss frå andre dyr, seier filosof og professor Lars Svendsen.

Han er ekspert på temaet og skal snart snakke i 200 minutt om akkurat det; fridom.

Forelesinga er til minne om professor Frank Aarebrot, som sjølv hadde fleire foredrag på 200 minutt – eller 3 timar og 10 minutt.

Frank Aarebrot

GJEKK BORT: Professor Frank Aarebrot gjekk bort i 2017. Siden har ein 200 minutter lang forelesing frå ulike fagfelt blitt arrangert årleg av Universitetet i Bergen (UiB).

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Fleire maktsjuke regime

Sidan 2005 har fridomen i verda gått ned, viser tal frå organisasjonen Freedom House.

Årsaka er færre liberale demokrati og fleire maktsjuke regime, fortel professoren.

– Autoritære regime ynskjer å tvinge gjennom sin oppfatning av korleis samfunnet bør styrast og tek ikkje hand om minoritetar med andre meiningar.

Også land som vanlegvis blir sett på som frie har hatt ein klar reduksjon i fridomen. Det er urovekkande, meiner Svendsen.

Demonstrasjon Hviterussland mot Aleksandr Lukasjenko i Minsk 20. september 2020.

MOT DET AUTORITÆRE: Folk i Kviterussland demonstrerer mot den autoritære leiaren, President Alexander Lukashenko, 20. September 2020.

Foto: - / AFP

Mindre fridom i «Land of the free»

– USA er eit av dei landa som har hatt den alle største nedgangen i fridom, fortel Svendsen og legg til at nedgangen starta allereie for tolv år sidan.

Landet har orda «land of the free», eller «landet med dei frie», i nasjonalsongen.

No har blant anna polarisering i politikken gjort dei 330 millionar innbyggarane langt mindre frie.

– Når den politiske fridomen blir avgrensa blir også den individuelle fridomen innskrenka, seier professoren.

I Kongressen 6. januar 21

6. januar 2021 tok rundt 2000 mennesker seg inn i Kongressen i USA.

På vestsiden av Kongressbygningen da den ble stormet 6. januar 2021.

Protestane var mot valresultata etter presidentvalet november 2020. Framleis meiner mange millionar amerikanarar at valresultatet er feil.

Medlemmer av Representantenes hus evakuert til pressegalleriet i salen under stormingen av Kongressen 6. januar 2021.

Medlemmar av Representantenes hus blei evakuert under storminga av Kongressen 6. januar 2021.

– Ikkje håplaust

– Fridom er heilt naudsynt for å hindre at nokon får monopol på både makt og økonomi, seier Tale Hungnes i Amnesty International Noreg.

Ho, og organisasjonen, ser ein heilt klar tendens der tidlegare frie demokrati får meir autoritære styrer, og trekk fram Polen, Ungarn og Brasil som eksempel.

Svært urovekkande, men ikkje håplaust, meiner Hungnes.

Tale Hungnes, leder for politikk og samfunn i Amnesty Norge

HÅP: Tale Hungnes er samfunnssjef i Amnesty og meiner det er håp for meir fridom i verda.

Foto: Photographer: Frida Marie Grande / Photographer: Frida Marie Grande

I Myanmar nekta folket å godta militærjuntaen som gjorde statskupp. Det var store protestar og demonstrasjonar, noko me ser over heile kloder, seier ho og legg til:

– Me må aldri slutte å håpe eller kjempe for fridom.

Generaler, gull og gatekamper: Uroen i Sudan forklart

200 minutt med fridom

At det finst håp er filosof Svendsen einig i.

I løpet av den 200 minuttar lange forelesinga skal han argumentere for nettopp det, at fridom er mogleg, trass alt.

– Eg trur det blir ein stor fornøyelse å halde forelesinga, seier Svendsen og legg til at det ikkje var eit snev av tvil då Universitetet i Bergen bad han halde årets Aarebrotforelesing.

Frank Aarebrot 2

FORMIDLINGSIKON: Frank Aarebrot var professor i samanliknande politikk og var spesielt kjent for sin gode formidlingsevne.

Forelesinga har sidan professor Frank Aarebrot gjekk bort i 2017 vore ein årleg tradisjon, der professorar frå ulike fagfelt held, i rett Aarebrot-stil, ein 200 minuttar lang forelesing om it einaste tema.

Å snakke i så mange minutt om fridom er ikkje årets foredragshaldar uroa for:

– Det einaste som blir vanskeleg her er å halde seg innanfor dei 200 minuttane, seier Svendsen og ler.