Hopp til innhold

Aage (26) dirigerer nasjonalorkester: Oppdaga klassisk musikk gjennom dataspel

Grieg, Brahms og Berlioz er bytt ut med Pokémon, Zelda og World of Wordcraft. Slik håpar unge dirigentar å få eit nytt publikum inn i den klassiske konsertsalen.

Aage Richard Meyer dirigerer Bergen Fliharmoniske Orkester ifbm Festspillene.

PÅ VIFT: Aage Richard Meyer dirigerer Bergen Filharmoniske Orkester i eit stykke frå Kingdom Hearts.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Det å endeleg få framføra spelmusikk er ein ung draum som går i oppfylling. Eg spelar dataspel sjølv. Det er nostalgisk for meg, seier den aspirerande dirigenten Aage Richard Meyer.

Saman med tre andre aspirerande dirigentar har Meyer losa Bergen Filharmoniske Orkester gjennom ein konsert under Festspillene i Bergen.

Orkesteret er eit av dei eldste i verda og har status som norsk nasjonalorkester.

Men denne gongen var det ikkje Grieg, Brahms eller Berlioz publikum fekk servert. Musikken kom frå store spel som Zelda og World of Warcraft, og klassikarar som Supermario og Pokémon.

– Det er ei spennande utfordring som ein som ung dirigent ikkje opplever til vanleg. Å gjera det i trygge rammer er utruleg lærerikt. Det er ei stor mogelegheit for oss, seier Meyer.

Aage Richard Meyer er dirigent. Her under festspillene i Bergen 2021.

GAMER OG DIRIGENT: – Då eg var yngre og høyrde klassisk musikk, kunne eg høyra utdrag frå favorittspela mine. Det gjorde meg meir interessert i det, seier assisterende dirigent Aage Richard Meyer.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Gaming som døropnar

Sjølv om mange unge høyrer klassisk musikk medan dei speler, har kanskje ikkje musikkstilen det hippaste imaget.

Meyer fortel at han sjølv har svært nær tilknyting til dataspel.

– Eg blei interessert i klassisk musikk ved å gå på konsertar og høyra trekk som eg kjende att frå spelmusikk. Litt etter litt blei eg meir og meir glad i klassisk musikk, seier 26-åringen.

Han trur gamerar kan vera eit godt publikum for spelmusikk framført av klassiske orkester.

– For dei som er veldig glad i desse spela, bringar det mange minner og tankar. Det kan vera ein mogelegheit for å gjera folk meir interesserte i klassisk musikk, og få vita kor vanleg det er i både spel og film, seier Meyer.

Hjelp frå stjernedirigent

Meyer er saman med Hannah Andresen, Guro Haugli og Daniel Reith med i Dirigentforum, som er ein del av Talent Noreg sitt talentutviklingsprogram.

Dei har gått i lære hos den irske komponisten Eímear Noone, som har dirigert og komponert musikk for mellom andre World of Warcraft.

– Dei er absolutt fantastiske. Eg berre nyt kvart augeblikk av å oppleva dei medan dei øver, seier Noone.

Noone meiner det gir meining å knyta saman spel-verda og orkestermusikk.

– Orkesteret er det mest uttrykksfulle mediet. Når ein vil skapa ei fantasiverd eller fortelja ei historie med musikk, finst det ikkje noko betre instrument enn orkester, seier ho.

Eimear Noone dirigerer Bergen Filharmoniske Orkester under Festspillene i Bergen 2021.

KOMPONIST: Eímear Noone er ikkje berre dirigent. Ho har også komponert musikk til spel som Overwatch, Hearthstone, Diablo III og World of Warcraft.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Har ein kvinneleg rollemodell

For Hannah Andresen er det andre gong ho har ein kvinneleg mentor.

– Det er enormt inspirerande og gjevande å ha ein rollemodell som Eímear.

Fyrste gong ei kvinne vart tilsett som dirigent for eit norsk symfoniorkester var i 2011, då Halldis Rønning fekk jobben som assisterande dirigent i Bergen Filharmoniske Orkester.

– Som ung dirigent betyr det veldig mykje for meg å kunne spegla meg i Eímear, seier Andresen.

Dirigenten Hannah Andresen under Festspillene i Bergen 2021.

NØGD: – Det er storslått å vera her, med orkesteret, koret og lysshowet, seier Hannah Andresen.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Ho har ikkje spelt mykje dataspel. For henne har interessa heller gått hin vegen.

– Eg har verkeleg blitt fascinert dei siste månadane. Eg er overtydd om at det ikkje er siste gong eg skal dirigera spelmusikk, seier 24-åringen.