Aabrekk gir seg i Sogndal

Samstundes som spelarane må kjempe for tilveret i Eliteserien, må leiinga Sogndal Fotball på trenarjakt i haust.

Harald Aabrekk

SLUTT: Harald Aabrekk held ikkje fram som Sogndal-trenar etter årets sesong.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Harald Aabrekk vil ikkje forlenge toårskontrakten han har med Sogndal, og er ferdig som trenar i saftbygda etter siste seriekamp i år.

Allereie før sesongen gav Aabrekk beskjed om at han ikkje ynskte å forlenge kontrakta si, som går ut ved årsskiftet.

– Eg hadde eit møte med dagleg leiar på Gran Canaria i januar, og seinare på dagen informerte eg styret om at dette er mitt siste år i Sogndal, er Aabrekk sin knappe kommentar.

– God dialog

Verken Aabrekk eller styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness, vil utdjupe eller forklare årsaka til at Aabrekk gir seg etter to år som sogndaltrenar.

Aabrekk leia Sogndal til opprykk i sin første sesong, etter at han tok over for Karl Oskar Emberland.

– Vi har hatt ein god dialog med Harald. Klubben er i ferd med å starte ein prosess for å kartleggje trenarmarknaden og å finne ut kva vi skal gjere i sesongen 2012, seier Ness.

Ingen namn

Sogndal har per no ikkje namn på blokka, men styreleiaren seier dette er ein prosess dei vil starte over ferien.

Det betyr at klubben skal leita etter ny trenar, samstundes som dei skal kjempa for å overleva i eliteserien. Ness trur ikkje det blir noko problem - sidan spelargruppa har vore kjende med dette ei stund.

– Harald har mykje erfaring, og det er god kjemi i spelargruppa. Det har fungert veldig fint, seier Ness.