«Vi tar for lett til rasismekortet i innvandringsdebatten»

– Vi kan fort bli for politisk korrekte i innvandrings- og asyldebatten, seier Anine Kierulf som er forskar ved Senter for menneskerettar ved Universitet i Oslo.

Anine Kierulf

Anine Kierulf er forskar ved Senter for menneskerettar ved Universitet i Oslo og er ekspert innan ytringsfridom og menneskerettar

Foto: NRK

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, meiner takhøgda i innvandringspolitikken er for låg. Han har sjølv blitt kritisert for kommentarar han har kome med i debatten.

– Eg trur mange kjenner på det av dei som ynskjer å drive sakleg kritikk av innvandringa og konsekvensane det får for velferdsstaten, seier forskar Anine Kierulf.

«Rasismekortet»

Kierulf meiner det er blitt for lett å trekke rasismekortet i innvandringsdebatten, og å setje meiningsmotstandarane i bås med meir «grumsete tendensar» i samfunnet.

– Det er eit problem. Samstundes så lir dei som ynskjer å drive denne typen samfunnskritikk under at dei blir omfamna av det same «grumset».

– Kvifor er det så lett å bli stempla rasist i innvandringsdebatten?

– Eg trur det er fordi det finst ein del der ute som har rasistiske tendensar, og som ein for lett også identifiserer sakleg kritikk med.

Ho miner dette blir eit problem for dei som vil drive sakleg kritikk.

– Jo meir ordentleg og argumentativ ein opptrer, desto større grunn er det til å ta ballen og ikkje mannen. Dersom for mange blir stigmatisert ut frå drive slik kritikk, så er det eit problem, seier Kierulf.

Kjende seg sett i gapestokk

Kjenner seg sett i gapestokken

MØTT MED KRASS KRITIKK: Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, meiner takhøgda i innvandringspolitikken er for låg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Førre månad fekk Breidablik krass kritikk i avisa Firda. På Facebook hadde han lenka frå den nasjonalistiske organisasjonen Britain First. Biletet viste den døde syriske treåringen Aylan Kurdi i sjøkanten i Hellas.

Påstanden i lenka var at guten drukna fordi faren ville ha nye tenner. Breidablik sin kommentar til biletet var at sanninga ikkje alltid er som den blir framstilt som.

Ytringa vart møtt med svært skarpe reaksjonar frå fleire debattantar, og saka kom på framsida og i ei dobbeltside i laurdagsavisa til Firda.

Breidablik meiner han vart sverta mot betre vitande, og at hendinga viser kor vanskeleg det er blitt å ytre seg fritt i innvandringsdebatte.

Kvar går grensa?

– Å lenke til nettstadar som har den type tendensar utan å sjekke ordentleg kva ein lenkar til, er å skyte seg sjølv i foten dersom ein ynskjer å drive ordentleg kritikk, seier Anine Kierulf.

Ho syner til at rettsleg sett er takhøgda stor.

– Det skal mykje til før ein bryt med rasismeparagrafen. Dette handlar meir om mekanismane i samfunnet og der er det eit problem dersom den politisk korrekte samtalen blir for snever.

– Er vi for politisk korrekte?

– Vi har nok lett for å definere folk ut eller inn frå posisjonar, og det er ein uting. Det kunne vore ein fordel om ein la eit barmhjertigheitsprinsipp til grunn, og såg om ein kunne tolke ytringar mest mogleg fordelaktig for den som kjem med den. Og heller kritisere den, dersom den ikkje held likevel.