Hopp til innhold

«The chosen one» var publikums utvalde

Det ligg nesten i filmtittelen. «The chosen one» gav ikkje berre Gjest Ingeson Kvåle (15) ein pris å juble for under Sogndal filmfestival sin gallakveld.

The chosen one

DOBBELT: Gjest Ingeson Kvåle (t.h.) fekk to prisar under Sogndal filmfestival sin gallakveld. Her står han på scena saman med Jacob Årøy og Oddbjørn Litlabø og takkar for prisen for beste etterarbeid.

Foto: Ingvild Årdal / NRK

To gonger måtte sogndølen på scena for å hente pris. Først for beste etterarbeid, så for publikumsprisen.

  • Sjå alle vinnarane og filmane deira lenger nede i saka.

Filmen «The chosen one» fekk over 500 røyster i kåringa som fann stad på NRK sine nettsider. I alt 1910 røyster vart fordelt på dei ti nominerte filmane.

Gjest Ingeson Kvåle og Jacob Årøy

NØGDE: Gjest Ingeson Kvåle og Jacob Årøy kunne glise etter å ha sikra seg to filmprisar.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Eg hadde håpa på det, men det er ikkje noko du kan vente. Det kjennest herleg ut, gliser 15-åringen som dermed sikra seg prisen.

God bruk av effektar

Filmfestivalen som går av stabelen i dag og i morgon og er den 10. festivalen som medielinja ved Sogndal vidaregåande skule arrangerer. Juryen fekk over 50 filmar til vurdering.

Dei likte svært godt etterarbeidet Gjest Ingeson Kvåle hadde gjort med «The chosen one».

– Eit fiksjonsdrama av dette kaliberet kan vere vanskeleg å fortelje. Men ved god bruk av effektar og ikkje minst kløktig og stilsikker bruk av musikk og andre lydverkemiddel, skriv juryen.

Kreativitet i arv?

Kvåle, som går i 10. klasse, vann i fjor juniorprisen til filmfestivalen. I tillegg til film driv han også med fotball og musikk. Dei kreative genane har han truleg arva frå far sin, Inge Ronny Kvåle, som er både musikar og driv musikkstudio.

15-åringen seier han brukte mykje tid på filmen.

– Eg byrja før sommaren med å skrive manus og å planlegge. Filmen vart spelt inn i oktober og eg har redigert sidan juletider. Eg vart akkurat ferdig til fristen til å levere den inn, seier han.

– Korleis fekk du ideen?

– Eg har alltid tykt at det var morosamt å lage fiksjon, sjølv om det er vanskeleg. Eg har alltid vore kreativ.

Har sett på Youtube

Inspirasjon har han mellom anna fått frå Youtube. Tidlegare har han laga to filmar han kallar skikkelege, i tillegg til nokre kortare filmar. Om du lurer på kvifor fiksjonsfilmen «The chosen one» er på engelsk?

– Alt er tøffare på engelsk, gliser han og tenkjer å bruke gåvekortet på 8.000 kroner på eit nytt kamera.

To prisar gjekk også til Anna og Berit Einemo Frøysland for filmen «Spindelvev». Duoen fekk mellom anna fagjuryen sin pris.

Skitur fekk pris

Ei anna som kunne juble var Cecilie Skogheim, som fekk prisen for beste dokumentar. Filmen hennar handlar om ein dagstur til Jordalen.

Cecile Skogheim

DOKUMENTAR: Cecilie Skogheim har brukt mykje tid på etterarbeidet med dokumentaren «Vegen til Jordalen».

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det kom som ei stor overrasking, seier Skogheim og fortel at det gjekk med eitt par månader på å lage filmen. Sjølve turen tok ein dag, men det vart ein krevjande dag.

– Litt var planlagt på førehand, men mykje vart på sparket. Det vart utfordrande å fange alle situasjonar, og å få kamera opp på sekundet, gliser ho.

Spindelvev fekk juryprisen

Juryen, med Stein Magne Os i spissen, meiner filmproduksjonen er ei sterk visuell historie som kombinerer skodespelarkunst og godt gjennomarbeidd filmhandtverk.

– Eit spanande manus er følgd opp med nydeleg foto, presis klipping, og enkle men effektive dramaturgiske grep. Med stram regi tek skodespelarane oss med gjennom ei historie som byr både på uventa vendingar og rom for refleksjon. Ein vakker film.

Desse gjekk til topps i dei ulike kategoriane:

U15 – juniorprisen

«TV-venner»: Daniel Neset, Marit Flugheim Neset, Marte Moen Heggestad og Vegar Lunde Fardal – 8. klasse Hafslo skule

TV-Venne av Daniel, Marit, Marte og Vegar frå Hafslo barne- og ungdomsskule

SJÅ VIDEO: «TV-venner» er laga av 8.-klassingar ved Hafslo skule.

  • Juryen seier: Ein spanande film med ei godt fortalt historie. God bruk av dramaturgiske og filmatiske verkemiddel som lyd, lys og filming.

U19 – beste dokumentar

«Vegen til Jordalen»: Regi/Foto/klipp. Cecilie Skogheim (Fresvik)

Jordalen av Cecilie Skogheim

SJÅ VIDEO: «Vegen til Jordalen» var heidra som beste dokumentar.

  • Juryen seier: Godt og observant fotoarbeid kjenneteiknar denne dokumentarfilmen. Og filmskaparen brukar gode dokumentarfilmatiske grep for å la sjåaren oppleve ei reise der vi blir godt kjende med hovudpersonen og landskapet han ferdas i. Ei godt fortalt historie.

Beste sportsfilm

«Downhill»: Jonas Flaten / Thomas Alme Matre (Hafslo)

Downhill av Jonas Flaten

SJÅ VIDEO: Jonas Flaten og Thomas Alme Matre fekk pris for «Downhill».

  • Juryen seier: Tøffe bilete, nært på action, verknadsfull effektbruk og musikk som passar. Denne filmen får fram farten og spenninga i sporten på ein framifrå måte.

Seniorprisen

«Spindelvev»: Berit og Anne Einemo Frøysland (Lærdal)

Spindelvev av Anna og Berit Einemo Frøysland

SJÅ VIDEO: Seniorprisen gjekk til Berit og Anne Einemo Frøysland som står bak «Spindelvev».

  • Juryen seier: Klassisk foto og presis klipping av ei kjenslevar historie. Når det i tillegg er strålande skodespel med sikker regi og eit spanande val av location vert det ein fengslande film.

Beste etterarbeid

Gjest Ingeson Kvåle (Sogndal)

The Chosen One av Gjest Ingeson Kvåle

PUBLIKUMSFAVORITT: «The chosen one» fekk 28 prosent av alle røystene under den kring ti dagar lange avrøystinga på nettsidene til NRK.

  • Juryen seier: «The chosen one». Eit fiksjonsdrama av dette kaliberet kan vere vanskeleg å fortelje. Men ved god bruk av effektar og ikkje minst kløktig og stilsikker bruk av musikk og andre lydverkemiddel.

Beste regi og manus:

Asbjørn Lote (Førde): «Feit Klubb»

Feit Klubb av Asbjørn Lote

SJÅ VIDEO: Asbjørn Lote fekk ros for manuset om eit komplisert tema. «Feit Klubb» fekk pris for beste regi og manus.

  • Juryen seier: Eit godt gjennomarbeidd manus om eit komplisert tema. Når historia i tillegg skal forteljast utan ord skal regissøren ha ei stødig hand for å halde framdrift i historieforteljinga på dette dramaet. Det er svært vellukka.

Juryprisen

«Spindelvev»: Anna og Berit Einemo Frøysland (Lærdal)

  • Juryen seier: Fagprisen går i år til ein film som gjennom å kombinera skodespelarkunst og godt gjennomarbeida filmhandverk gir oss ei visuelt sterk historie. Eit spanande manus er følgd opp med nydeleg foto, presis klipping, og enkle men effektive dramaturgiske grep. Med stram regi tek skodespelarane oss med gjennom ei historie som byr både på uventa vendingar og rom for refleksjon. Ein vakker film.

Publikumsprisen

«The chosen one»: Gjest Ingeson Kvåle (Sogndal)