Hopp til innhold

«Tannsista» håpar å gjere god tannhelse til trend blant unge

Det starta som eit skuleeksperiment. No vil tannpleiar-studentane nå ut til unge på Instagram.

AMBISIØSE: Tannlegestudentane håpar på ny trend på sosiale media.

AMBISIØSE: Tannlegestudentane håpar på ny trend på sosiale media. Frå venstre: Victoria Sjåstad, Jessica Karolin Fiskaa og Malene Sævareid.

Foto: Privat

Visste du at du ikkje skal skylje tennene etter tannpuss? At du bør byte tannkost minimum kvar tredje månad? Eller at 40 prosent av tannflata blir verande forureina dersom du ikkje brukar tanntråd?

Dette er berre nokre av tipsa som du kan finne på Instagram-kontoen Tannsista.

Etterlyser meir fakta kring tannhelse

Tannpleiar-studentane Malene Sævareid, Jessica Karolin Fiskaa og Victoria Sjåstad er dei som står bak den kreative kontoen. Det var eigentleg berre eit eksperiment, men studentane fekk så gode tilbakemeldingar at dei valde å fortsetje med Instagram-kontoen, etter at skuleprosjektet var ferdig.

Studvest omtalte saka først.

Kontoen har no bikka 500 følgjarar, og dette har gitt studentane motivasjon til å fortsetje.

Victoria Sjåstad meiner det er svært viktig å ha ein kanal som spreier fakta om tannhelse. Ho synest det er alt for mykje reklame for tannbleiking, som er med å gje eit feilaktig bilete av tannhygiene.

Tannsista på snapchat, Victoria Sjåstad

YNSKJER FAKTA: Tannlegestudent Victoria Sjåstad meiner det er viktig å spreie meir fakta om tannhygiene.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det finst ingen liknande sider i Noreg der ein får truverdig informasjon om dette, og som ikkje har ein agenda eller vil selje noko. Det er viktig for oss å formidle fakta, seier ho.


Inspirert av Helsesista

Sjåstad legg ikkje skjul på at Helsesista-kontoen gav motivasjon til både namneval og gjennomføring av prosjektet. Helsesista Tale Maria Krohn Engvik har gjort leveveg av å nå ut til ungdom ved å gi helseråd på Snapchat.

– Me tykte det var eit artig namneval, og det er noko me trur folk kan relatere seg til, seier Sjåstad.

Helsesista

SER TIL HELSESISTA: Tale Maria Krohn Engvik har gjort stor suksess med sine helseråd til unge, på Snapchat.

Foto: Privat

Tannpleiar-studenten håpar at likskapen mellom dei to kontoane gjer at andre kan sjå til deira Tannsista-prosjekt med truverd.

– Ho er jo ei artig og livleg dame, som er veldig truverdig, seier ho.

Håpar å skape trend blant unge

Sjåstad håpar kontoen deira kan skape ein trend, slik at så mange som mogleg kan lære om god tannhygiene.

– Det hadde sjølvsagt vore gøy å nå ut til så mange som mogleg. Me vil jo fremme tannhelse, så då er jo det ein del av målet, seier ho.

UNGT PUBLIKUM: "Tannsista" håpar å nå ut til unge på instagram

UNGT PUBLIKUM: «Tannsista» håpar å nå ut til unge på Instagram

Foto: Privat

Målet er å nå ut til alle aldrar, men Sjåstad meiner det er nødvendig å nå ut til unge.

– Dei unge er gjerne meir påverkelege for feilaktig informasjon, og derfor trur me det er ekstra viktig å nå fram til dei.