Ute på det vêrharde Stadlandet har den kilometerlange Erviksanden lege som den reinaste sydenstranda med kvit sand.
Eit ynda reisemål for surfarar og turistar frå heile verda.
I vinter kom harde vindar og sterke bølger som vaska sanden bort.
Og med det låg det berre rullesteinar tilbake.
Men no har havet vaska sanden fram igjen.
Då sanden forsvann frå stranda i vinter, forklarte Jon Albertsen frå Havforskningsinstituttet kvifor sanden forsvann frå stranda.
– Strender som blir utsette for mykje vind, store bølger og høg vasstand, kan få endringar ein ser her, forklarte forskaren då.
Men Albertsen var optimistisk om at stranda skulle komme tilbake i si rette form.
– Det vanlege vêret må få tid på seg til å bygge opp igjen stranda, sa forskaren då.
Låg mykje sand som venta
Fram til juni var det framleis dei store rullesteinane som dominerte på stranda.
Men så var det noko som skjedde.
– Då vi surfa begynte vi etter kvart å sjå at sandbankane begynte å snike seg mot stranda, seier Magnus Bettum.
Han driv Ervik Surfshop som ligg like ved stranda, og er stadig ute på vatnet for å surfe.
– Vi såg ganske tidleg at det var mykje sand som låg og venta på å komme opp.
Slik stranda såg ut 14. mars i år. Sjølv om det er mykje stein, bryr ikkje surfarane seg om det.
Foto: Helle FrognerKunne vore ei felle
Sjølv om stranda eg på veg tilbake slik ho var, kunne det heile ha vore ei turistfelle for turistane.
Den tyske turisten Carlos Baumann hadde ingen aning om at stranda han besøker ikkje var der for berre ein månad sidan.
– I turboka vår står det at dette skulle vere ei heilt vanleg strand, seier han, medan han tar seg ein vassetur ut i vatnet.
Men sjølv om sanden på stranda er der no, kan det vere at han blir borte igjen.
Venter på den store stormen
For dei kraftige vinterstormane som herjar i Stadhavet har det med å dra bort sanden.
Og sjølv om stranda kjem tilbake på sommaren, er Erviksanden mindre enn det ho var berre nokre år sidan.
Magnus Bettum frå Ervik Surfshop seier at det er mindre sand på stranda no enn det var før ekstremvêret Dagmar herja i jula 2011.
Slike ekstremvêr pleier å koma rundt kvart tiande år.
– Vi går eigentleg berre og ventar at ein slik stor storm skal komme igjen, seier Bettum.
FN sitt klimapanel peiker på at det i åra som kjem vil det komme meir ekstremvêr og naturkatastrofar som følge av klimaendringane.
Framleis er det stein på stranda som ventar på å bli dekt av sanden.
Foto: Kasper Valestrand/NRK