Hopp til innhold

«Sydenstranda» forsvann i stormen

Den kvite sanden har gjort stranda til eit populært surfe- og badeparadis. No er heile stranda borte.

Erviksanden

FORSVUNNE: Det er ikkje mykje som minner om sydenstemning på Erviksanden akkurat no.

Foto: Helle Frogner

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Vanlegvis ligg den kilometerlange Erviksanden der som reine sydenstranda ut mot det vêrharde Stadhavet i Nordfjord.

Den kvite sanden har gjort ho til eit ynda reisemål for badegjester og surfarar frå heile verda.

Men no er ho borte. Vinterstormane har herja stygt med stranda og vaska bort sanden som stranda er så kjent for.

No er det berre rullesteinar igjen.

Erviksanden
Erviksanden på Stadlandet

Det var TV2 som omtala saka først.

Vind og bølger tok ho med

– Ein serie med tilfelle i vêret må vere oppfylt for at det skal gå som det har gått her.

Forskar Jon Albertsen ved Havforskningsinstuttet forklarar kvifor den kvite sanden som stranda er kjent for har forsvunne.

Det uforutsigbare vintervêret har skulda for forandringa stranda har hatt gjennom vinteren.

– Strender som blir utsette for mykje vind, store bølger og høg vasstand, kan få endringar ein ser her, forklarar forskaren.

Erviksanden

I NÆRLEIKEN: Den kvite sanden er heldigvis ikkje langt unna.

Foto: Helle Frogner

– Vi surfer endå

Gjennom vinteren har bygdefolket sett korleis vinden, bølgene og vasstanden fjerne sanden frå stranda som blir brukt til surfing, leik og moro.

Surfar og eigar av Stad Surfin, Torkild Strandvik, har vore vitne til at sanden på Erviksanden har forsvunne før.

Ifølge han forsvinn sanden gradvis om vinteren, og rullesteinane kjem fram. Det set likevel ikkje stoppar for surfinga.

– Det er litt slitsamt å gå på rullesteinane når ein skal ut i bølgene, særleg om det er mørkt, men det er ingen krise. Vi surfar endå, seier Strandvik.

Torkild Strandvik

ÅRET RUNDT: Torkild Strandvik surfar uansett. Her frå «nabostranda» Hoddevika i 2011.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kjem tilbake

Sjølv om rullesteinane no har overtatt Erviksanden, er ikkje sanden som låg der før langt unna. Han ligg på havbotn ikkje langt frå stranda, og ventar på å komme tilbake.

For sanden skal tilbake, det er i alle fall noko forskar Albertsen frå Havforskningsinstituttet er optimistisk for.

– Det vanlege vêret må få tid på seg til å bygge opp igjen stranda, fortel forskaren.

På nokre strender tar det berre ein månad å før ho går tilbake til si naturlege tilstand, men på Erviksanden har det dukka opp mykje rullestein. Så då vil ting ta litt meir tid.

Erviksanden

LEIK: Sjølv om «sydensanden» på Erviksanden er borte, så er sanden ikkje forsvunne for alltid. Om alt går bra, er han snart tilbake.

Foto: Hanne Liland