Hopp til innhold

«Skal dette fungera, må Sogndal vera rause»

SOGNDAL (NRK): Venstre og deler av Høgre i Sogndal er opne for å gi kommunesenteret i ein ny storkommune i Sogn til Leikanger.

Arne Glenn Flåten

OMSUT FOR VESLEBRØRNE: – Sogndal som regionsenter vil trekkja til seg arbeidsplassar uansett, seier Arne Glenn Flåten i Sogndal Høgre.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK

– Å stå steilt på kommunesenteret er skikkeleg dumt av Sogndal. Skal dette fungera, må Sogndal vera rause, seier kommunestyrerepresentant Arne Glenn Flåten i Sogndal Høgre.

Høgrepolitikaren flaggar med det standpunkt i det som blir ei brennbar sak når forhandlingane om ein ny storkommune i Sogn startar onsdag: Kvar skal kommunesenteret liggja – i Sogndal eller i Leikanger?

Fleire politikarar i Sogndal tek no til orde for at rådhuset kan plasserast på Syrstrond. Eit parti som er ope for det, er Sogndal Venstre:

– Det kan koma fram ting i forhandlingane som gjer at det kan vera fornuftig å ha kommunesenteret andre plassar enn i Sogndal, seier gruppeleiar Eva Ramstad.

Rådmennene vil ha Sogndal

Fredag kunne NRK fortelja at rådmennene vil at rådhuset og toppleiinga i den nye kommunen skal vera i Sogndal.

Det fell ikkje i god jord i Leikanger. Gruppeleiar i Senterpartiet på Syrstrond, Ole Simen Nesdal, sa fredag at Leikanger er det naturlege kommunesenteret.

Også Sogndal Venstre mislikar tilrådinga frå rådmennene. Å vera fastlåst før forhandlingane startar, er uklokt, seier Eva Ramstad:

Karin Vikane, Eva Ramstad, Rita Navarsete

USAMDE: Der Eva Ramstad (Sogndal V, midten) er open for å gi kommunesenteret til Leikanger, er Rita Navarsete (Sogndal Frp, t.h.) klar på at Sogndal må vera hovudsetet. Partiet til Karin Vikane (Sogndal Høgre, t.v.) er delt i spørsmålet. Arkivfoto.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Rådmennene meiner kommunesenteret skal liggja der veksten er. Men på sikt kan me få det til å veksa i dei to andre kommunane òg. Og dessutan er ikkje avstanden mellom Sogndal og Leikanger så stor at det skulle vera noko problem.

– Må stikka fingeren i jorda

Der Venstre og deler av Høgre i Sogndal er opne for å gi kommunesenteret til Leikanger, har det tredje opposisjonspartiet, Framstegspartiet, teke eit anna standpunkt.

– Hovudsetet bør liggja i Sogndal. Kor vidt Sogndal skal vera så rause at me let noko av administrasjonen liggja på Leikanger, og noko eventuelt liggja i Balestrand, må me koma tilbake til i forhandlingane, seier gruppeleiar Rita Navarsete.

– Dei to veslesystrene Balestrand og Leikanger meiner at storsyster Sogndal skal vera rause. Kva svarar du dei?

– Sjenerøsiteten må gå begge vegar. Ein må stikka fingeren i jorda å sjå kvar ein står i verda: Sogndal er eit regionsenter i dag, og me er den av kommunane med størst utvikling.

Anders Fredheim

PRO SOGNDAL: – Kommunesenteret bør absolutt liggja i Sogndal. Det er no dette som er regionsenteret, og som er størst av dei tre, seier Anders Fredheim, ein av fleire på gata i Sogndal som vil ha halda på rådhuset i kommunen.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Vekst i heile kommunen

Før helga heldt ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, forhandlingskorta tett til bringa og svara ikkje tydeleg på kvar han meiner kommunesenteret bør liggja.

Klart svar kjem derimot frå kommunestyrerepresentant Arne Glenn Flåten i Høgre:

– Sogndal er den av kommunane som har minst bruk for kommuneadministrasjonen. Det er mykje viktigare at Leikanger får han. I ein storkommune er det viktig med vekst og arbeidsplassar i heile kommunen, og ikkje berre i regionsenteret.