Hopp til innhold

«Rektor-krise» i store delar av landet

Rektorstillingar må lysast ut både to og tre gonger fordi ingen vil ha dei. Kunnskapsminister Tonje Brenna varslar at ho vil ta grep.

Klasserom

TEK GREP: Regjeringa ser no på kva grep som kan gjerast for å betre arbeidskvardagen til rektoren.

Foto: Ingvild edvardsen / NRK

– Vi fekk ikkje kvalifiserte søkjarar dei to første gongene. På tredje forsøk fekk vi kvalifiserte søkjarar, fortel Åge Stafsnes, kommunalsjef for skule i Sunnfjord kommune.

Det tok tid å få tilsett ny rektor i bygda Bygstad, ein forstad 20 minutt unna Førde. Skulesjefen opplever at det generelt er veldig få søkjarar til leiarstillingar ved skulane.

– Det har vore ei utfordring å få søkjarar på plass, vedgår han.

Liknande problem vert observert over store deler av landet. Folk står ikkje i kø for å bli rektorar. Stort arbeidspress blir peika på som ei av årsakene.

Sa opp etter seks år

På Løten i Innlandet var Heidi Amundsen rektor ved Ådalsbruk skole. Etter seks år fekk ho nok. Arbeidsbelastninga vart for stor.

Amundsen fortel at når ho vart sittande åleine med ansvar for alt frå planarbeid, samarbeid med kommunen, personalhandtering, skuleutvikling, budsjettlaging, økonomisk oppfølging og oppfølging av elevsaker, var det ikkje nok å trivast med både kollegaer og elevar.

– Så er det i tillegg eit enormt krysspress mellom krav, lovverk og økonomi. Det forskinga seier at er best, lar seg ikkje gjennomføre økonomisk, seier den tidlegare rektoren.

Stig Johannessen

Forbundsleiar i Skolelederforbundet, Stig Johannessen, ønsker å støtte teamet rundt rektor.

Foto: Skolelederforbundet

Bekymra for utviklinga

Den tidlegare rektoren er ikkje åleine. Ifølge ein Fafo-rapport, gjennomført på bestilling av Skolelederforbundet, ser berre 5 prosent av rektorar i skulen føre seg å bli verande i den same rektorstillinga i over ti år.

Forbundsleiar i Skolelederforbundet, Stig Johannessen, seier at dei har sett ein tendens i færre søkarar til rektorposisjonar. I tillegg seier nesten halvparten av mellomleiarane i skulen at dei ikkje ønsker å ta steget opp til å bli rektor.

Når det i tillegg er utfordrande å halde på skuleleiarar som allereie jobbar som rektor, blir Johannessen bekymra.

– Vi kan sjå konturane av ei varsla krise, seier han.

Og ifølge forbundsleiaren er det ei enkel årsak til krisa.

– Vi høyrer frå våre medlemmar at belastinga og forventingane til rektorjobben har auka. Som rektor har du for mange oppgåver og for lite støtteapparat rundt deg.

NRK har tidlegare skrive om ei undersøking som viser at rektorar har lite tid til å vere pedagogiske leiarar fordi dei må bruke mykje tid på administrasjon og rapportering.

Bergen katedralskole

– Å få ti stykk å velje mellom er ganske takknemleg i forhold til det ein opplev i distriktskommunar, seier Odd Bjarne Berdal om å tilsette ny rektor ved Bergen katedralskole like før sommaren.

Vil fjerne tidstjuvane

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier myndigheitene er bevisst problemet og at dei deler Skolelederforbundet si bekymring.

– Eg trur at for mange skuleleiarar i for mange år har stått i ein form for krysspress. Det kan handle om detaljstyring, målstyring, kontroll med dei tilsette sitt arbeid og andre ting, som trekker fokus vekk frå det å jobbe med kvalitet i skulen.

Regjeringa ser no på kva grep som kan gjerast for å betre arbeidskvardagen til rektoren. Mellom anna ser dei på kva tidstjuvar som finst i arbeidet og kva som kan gjerast med dette.

– Vi har sett ned eit utval som skal sjå på det vi kallar kvalitetsvurderingssystemet i skulen, fortel kunnskapsministeren.

Vidare påpeiker statsråden at enkelte grep kan takast i kommunane og fylkeskommunane. Ho legg vekt på at eit godt samarbeid med den enkelte skulen kan lette på mykje av arbeidet.

Tonje Brenna

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) påpeiker at vi er heilt avhengige av gode rektorar i skulen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Verst i mindre kommunar

Sjølv om rektorproblemet er ei nasjonal utfordring, er det likevel forskjellar i Noreg.

Odd Bjarne Berdal er områdeleiar i Vestland fylkeskommune med ansvar for vidaregåande skular i Bergen.

Han er ikkje bekymra for rektormangel i Bergen, men ser at tilsettingsprosessen er vanskelegare i mindre kommunar.

– Erfaringsmessig har eg ein lettare rekrutteringsjobb enn mine kollegaer i distriktsskular, fortel han.

Då han sist tilsette rektor ved Bergen katedralskole hadde han ti kvalifiserte søkarar til stillinga. Til samanlikning lyste Bygstad skule i Sunnfjord ut rektorstillinga tre gongar før dei fekk tilsett ny rektor i vår.

Stig Johannessen i Skolelederforbundet meiner at årsaka til dei regionale forskjellane er todelt. Han viser til at det er fleire kvalifiserte søkarar som allereie er busett i større kommunar, men han ser også at mindre skular betyr mindre støtteapparat rundt rektor.

– Det finst små skular der rektor både har undervising, er vaktmeister, i tillegg til å skulle løyse alle oppgåvene som ein må løyse på ein større skule.

Han seier løysinga er å forsterke støtteapparatet rundt dei administrative oppgåvene i mindre skular. Alternativet blir stadig hyppige utskiftingar og kvalifiserte kandidatar som søkjer seg til andre leiarjobbar

Det er oppskrifta på ei utvikling som kunnskapsminister Tonje Brenna vil unngå.

– Vi er heilt avhengig av gode rektorar over heile landet, seier ho.