Hopp til innhold

– Mange dørvakter har for dårleg opplæring

Det er stor skilnad på opplæringa av ordensvakter og vektarar. – Den korte opplæringa til ordensvakter gjer utestadene utrygge, meiner NHO Service.

Vektarar

MEINER ORDENSVAKTOPPLÆRINGA ER MANGELFULL: Lars-Erik Johannessen, Kim-Stian Heggem og Anders Nygård i Bergen meiner at utdanninga dei fekk som vektarar er viktig for å kunne handtere potensielt farlege situasjonar.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Når du besøkjer ein utestad er det tilfeldig om du møter vakter med vektarutdanning eller ordensvakter med avgrensa opplæring.

NHO service fortvilar når ei ny no lov legg opp til eit langt lågare utdanningskrav for ordensvakter, enn det som vert kravd for vektarar som skal gjere same jobb.

– Det kan medføre at ordensvaktene fortare kan hame i ein konfliktsituasjon som er heilt unødvendig, seier Runar Karlsen i fagforeininga for tryggingsbransjen.

– I verste fall kan det stå om liv

Vektar Kim-Stian Heggem

VIKTIG UTDANNING: Vektar Kim-Stian Heggem meiner utdanninga han har fått, er viktig for å kunne handtere mellom anna trugande situasjonar.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Ordensvaktutdanninga gjeld for utestader og arrangørar som driv eigenvakthald. Ordensvakter som vert leigd ut, må ha full vektarutdanning. Men arbeidsoppgåvene som vert utført, er dei same.

Karlsen meiner det er så stor skilnad på opplæringa at det i verste fall kan stå om liv i alvorlege situasjonar som kan oppstå.

– Ein kan til dømes teke seg at ordensvakta ikkje klarer å handtere situasjonen dersom det oppstår brann, eller at dei ikkje har god nok opplæring når det handlar om å berge liv.

Ei planlagd lovendring skal styrke utdanninga til ordensvakter på utestader, men slik det ser ut no blir ordensvaktopplæringa om lag ein tredel av opplæringa ein vektar må gjennom, ifylgje tidsskriftet Aktuell Sikkerhet.

Lærte å takle trugande personar

Vektar Kim-Stian Heggem meiner opplæringa han fekk gjennom vektarutdanninga var viktig, og at han lærte å takle dei trugande situasjonane ein kan hamne i.

– Eg har vore i situasjonar der ein gjest til dømes har truga dei tilsette på livet. og da veit eg kva eg skal gjere. Til dømes stiller eg meg ikkje mellom han og inngangen, for da vil han føle seg innesperra, seier Heggem.

Viss ordensvaktutdanninga blir slik Justisdepartementet no foreslår, vil den avgrense seg til 32 timar i tillegg til ein avsluttande eksamen, der timane fordelar seg slik:

  • Fire timar juss
  • Ein time etikk og rollekonflikt
  • Fire timar teori om arbeidsoppgåver, rolle, service og tryggleik
  • Ein time narkotika og partydop
  • Ein time førstehjelp
  • To timar brannvern
  • 19 timar praksis

Til samanlikning er det meininga at vektarar i framtida skal gå gjennom eit utdanningsløp på 65 timar teori og 45 timar praksis.

Opphavleg var det meininga at kravet til ordensvakter og vektarar skulle vere identisk, men etter press frå utelivsbransjen slo Justisdepartementet fast at ordensvakter kunne godkjennast med ei enklare utdanning.

– Me treng ikkje vektarar

Garage i Bergen

TRENG IKKJE VEKTARAR: Utestaden Garage i Bergen brukar ordensvakter i staden for vektarar, og meiner det er den beste løysinga for dei.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Eigar av utestaden Garage i Bergen, Sjur Gullaksen, meiner ordensvakter eller dørvakter ikkje treng vektarutdanning.

– Ordensvaktene er i eit mykje større selskap, dei er i eit miljø og har den same arbeidsplassen kvar gang dei er på jobb. Dermed kjenner dei òg godt rutinane for tryggleik og til dømes dersom det skulle oppstå brann, seier Gullaksen.

Det er dyrare å utdanne og lønne vektarar, men at Garage føretrekkjer ordensvakter har ikkje noko med prisen å gjere, meiner Gullaksen.

– Slik me driv er dette den heilt klart beste løysinga for oss. Dette har ingenting med økonomi å gjere.