Hopp til innhold

«Onkel» dømd for overgrep

Gulating lagmannsrett har funne ein mann i 50-åra skuldig i seksuelle overgrep mot si tidlegare niese.

Mannen vart dømd i Fjordane tingrett i august i fjor, men han anka domen som var fengsel i 16 månadar og 60 000 kroner i erstatning til jenta. Seks av månadane var med prøvetid på to år.

Var fyllt ti år

Jenta var knapt ti år då overgrepa byrja på 2000-talet, og dei heldt fram til jenta var fyllt 12 år. I avhøyr og i retten fortalde jenta om kring 20 overgrep der mannen, som då var sambuar med tanta hennar, mellom anna befølte henne på overkroppen og i underlivet.

Tingretten dømde han for åtte til ti overgrep. Mannen erkjende at han gjekk over ei grense ved fire tilfelle, men nekta for at det var tale om seksuell omgang. Han tilstod å ha befølt jenta utanpå kleda.

- Tett opp til valdtekt

Overgrepa kom for dagen då jenta brast saman i gråt på skulen etter ein skuletime der overgrep var tema. Jenta fortalde det til læraren, men det var først for eit par år sidan at jenta bestemte seg for å melde overgrepa til politiet.

Ved eitt høve heldt mannen henne fast før han byrja å beføle jenta. Lagmannsretten meinte overgrepet låg svært tett opp til valdtekt.

Skjerpa straff

Jenta har slite med psykiske plager etter overgrepa, og lagmannsretten la vekt på mannen på det grovaste misbrukte tilliten både jenta og familien hennar hadde til han. Lagmannsretten meinte mannen ikkje viste noko form for anger eller forståing for problema jenta fekk etter overgrepa.

Mannen vart dømd til fengsel i eitt år og åtte månadar. Som i tingretten vart seks av månadane på vilkår med to års prøvetid. Mannen må også betale jenta 100 000 kroner i erstatning, og 10 000 kroner i sakskostnader til det offentlege.