Hopp til innhold

«Nye» Førde tapte mot Nyborg

– Det tek tid å byggja opp eit nytt lag, seier assisterande trenar Kenneth Jørgensen etter 3 – 0 tap på heimebane mot erkerivalen.

Førde - Nyborg

UNGT LAG: Førde stilte med eit nytt og ungt lag etter å ha mista tre sterke spelarar sidan førre sesong, og Nyborg blei for sterke.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det er jo ein klassikar i norsk volleyball dette her. Førde-Nyborg. Me plar vera jamspelte. I dag klarte me ikkje heilt å levera varene, seier Jørgensen.

Han innrømmer likevel at dette ikkje kom aldeles uventa, om enn noko skuffande. Førde sitt elitelag er nesten heilt nytt, og dels svært ungt.

Sidan førre sesong har laget mista tre landslagsspelarar.

Lars Fredrik Tvinde hare reist til Kypros som proff, Jonas Kvalen lir same skjebne i Belgia, og Magnus Kaasa studerer i Trondheim. Året før forsvann Matias Loftesnes til Tsjekkia som proff.

Kenneth Jørgensen

IKKJE UVENTA: Assisterande trenar Kenneth Jørgensen innrømmer at Førde sitt lag stilte litt 'ribba' til sesongstart i år.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Føler du at de stilte litt ribba til sesongstart i år?

– Ja, det gjorde me absolutt. Men fokuset vårt no er å prestera bra på trening og ta dette med inn i kamp. Som sagt så tek det tid å byggja opp eit heilt nytt lag, understrekar Jørgensen.

Ikkje på toppnivå

– Me har eit ungt lag med lite stabilitet. Eit par spelarar dreg opp alderen og rutinen, men me gjer framleis for mykje feil til å hevda oss på eit toppnivå, meiner Torstein Husø.

Oppleggjaren til Førde er ikkje nøgd, men heller ikkje alt for overraska etter tapet laurdag ettermiddag.

Trenar Marcin Lubiejewski er heller ikkje nøgd med resultatet, trass i at Førde møtte eit solid lag i Nyborg.

– Mot eit så godt lag som dette så gjer me for mange feil. Mot motstandarar som Nyborg må me spela betre. Dette snakka eg med gutane om før kampen. Me må risikere meir på servane, og også i situasjonar ved nettet, meiner trenaren, som ikkje berre er negativ:

– Mange element fungerte godt i dag, men me har og problem – særleg i første sett. Hadde me vunne dette settet trur eg det kunne endra mykje.

Etter intens kniving i det første settet tapte Førde 29-27. Dei to neste enda med 25-22 og 25-18 til bortelaget. Trass tapet, meiner trenaren likevel at alle på laget leverte og arbeidde hardt mot rutinerte motstandarar.

–Kvar kamp er ein cupfinale

– Førde har typisk lege heilt toppen, korleis påverkar det mentaliteten i laget å gå på såpass mange tap som de opplever no?

– Ein må spele fleire år og få rutine for å verte sterk i hovudet. Nokon har det naturleg, medan andre må arbeide for det. Ikkje alle på dette laget er så sterke i mentalt som er naudsynt på dette nivået. Då er det fort gjort å miste hovudet og få litt feil fokus. Men dette er ein lagidrett og me taper og vinn som eit lag, så alle må hjelpe og pushe kvarandre, understrekar Husø.

Torstein Husø

IKKJE NØGD: Torstein Husø speler sin første sesong fast på elitelaget, og meiner laget har mykje arbeid framfor seg.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Han tenker ikkje så langt fram i tid, og meiner fokus bør vera på neste kamp – ikkje sesongresultat.

– Målsetjinga vår for sesongen er topp fire. Personleg har eg ingen forventningar. Eg tek ein kamp om gongen, og blir det siger så er det eit pluss. Slik tenker i alle fall eg. Kvar kamp er ein cupfinale. Me må prestera på toppnivå kvar kamp for å kunne vinne. Ingen kampar er lette for oss no.

Seriekampane byrjar på att i januar, og Husebø har ingen planar om å ta ein lang og lat juleferie.

– Me må bruke treningsmånaden fram mot serieoppstart effektivt, og arbeide med å få stabilitet i laget, meiner han.

Han fortel samstundes om ei kurve som går rette vegen. Husø har sjølv sin første sesong som fast på elitelaget, og har trua på at laget kan nå opp – med litt tid, og mykje god trening.