Hopp til innhold

– No viser me at det var me som vann

Nikolai Rørdal deltek for aller første gong på AUF sin sommarleir. – At me er så mange som skal reise i år viser at me tar sommarleiren tilbake, seier Rørda.

Nikolai Rørdal

GLER SEG: Nikolai Rørdal gler seg til å treffe andre ungdom i AUF. - At me er så mange som skal reise i år viser at me no tar sommarleiren tilbake, seier Rørdal.

Foto: Privat

17-åringen frå Kvinnherad reiser onsdag saman med 36 andre frå Hordaland AUF over fjellet mot Gulsrud leirstad ved Tyrifjorden. Der skal dei treffe likesinna ungdom frå heile landet når AUF samlar sine medlem til sommarleir.

Ikkje sidan 2010 har så mange reist austover frå fylket, og mange av dei reiser for fyrste gong. Nikolai Rørdal frå Kvinnherad er ein av dei.

Eg trur at folk er innstilte på at me skal ha det kjekt, og at det er slik me skal ta sommarleiren tilbake.

Nikolai Rørdal

– Eg gler meg veldig til å treffe andre ungdom i AUF. At me er så mange som skal reise i år viser at me no tar sommarleiren tilbake, seier Rørdal som har vore medlem i AUF i to og eit halvt år.

Totalt er det forventa 800 påmeldte til AUF sin sommarleir i år. I fjor var det 700 påmeldte.

– Me har vunne og engasjementet har blomstra

Det er den andre sommarleiren etter terroråtaket 22. juli 2011, og 69 personar vart drepne. Blant dei var leiaren av AUF Hordaland Tore Eikeland, Tarald Kuven Mjelde, Monica Iselin Didriksen, Kevin Daae Berland og Silje Stamneshagen.

Sommarleir 2013

Fylkesleiar i AUF Hordaland, Øystein Hassel, og leiar i Sotra og Øygarden AUF, Oda Marie Villanger på sommarleir på Gulsrud leirsted i fjor sommar.

Foto: AUF

– Både nye og gamle deltakarar kjem nok til å tenkje på terroråtaket for tre år sidan. Eg trur dei fleste ser på det som ei enkelthending, men tryggleiken rundt arrangementet er god, og det kjem til å vere politi tilstade på leiren, seier fylkesleiar i Hordaland Øystein Hassel.

Ved utgangen av 2013 var AUF Hordaland større enn på ti år med 830 medlem. Hassel meiner òg at det er viktig for organisasjonen at så mange blir med på sommarsamlinga.

– At me er så mange påmeldte viser at me har vunne. Engasjementet har blomstra og me er fleire enn nokon gang. Me viser med dette at gjerningsmannen ikkje har greidd å stoppe oss.

Det er først neste år at skal ungdomane frå AUF tilbake til Utøya. På Gulsrud i år er ein av aktivitetane ein gjenreisingsverkstad der deltakarane skal få presentert korleis det vil verte å kome tilbake til Utøya.

–Umogleg å ikkje tenkje på terroren for to år sidan

Nikolai Rørdal gler seg mest til å treffe AUF-arar frå resten av landet og til fotballturnering og å gå på konsertar. Men seier det er umogleg å unngå å tenkje på terroråtaket 22. juli 2011.

Sommarleir 2013

I FJOR: AUF-arar på sommarleir på Gulsrud i 2013.

Foto: Ronja Breisnes

– Det var så ufatteleg tragisk. Samstundes trur eg at folk er innstilte på at me skal ha det kjekt, og at det er slik me skal ta sommarleiren tilbake.

Fylkesleiar, Øystein Hassel fortel at dette for mange er årets høgdepunkt.

– Det er noko med å treffe andre frå alle delar av landet som har dei same verdiane som deg sjølv. Dessutan vil eg leggje til at eg trur me har ein god sjans til å ta gull både i volleyball- og fotballturneringen i år!