Hopp til innhold

«Kutta i tannhelsetenesta i fylket er framtidsretta»

HERMANSVERK (NRK): Tannklinikkane i Hyllestad og Aurland blir likevel ikkje lagde ned. Men fylkespolitikarane sa onsdag at kutt i tannhelsa er naudsynt.

Åshild Kjelsnes

FORSVARAR KUTT: Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Reaksjonane lét ikkje vente på seg då det i førre veke vart kjent at fungerande tannhelsedirektør Clara Øberg føreslo å legge ned 13 klinikkar for å spare 11 millionar kroner.

I finansutvalet onsdag trekte ho tilbake forslaget om å legge ned to av dei, årsaka er at kommunane sjølve skal overta tannhelseansvaret i 2020.

Gruppeleiar i Senterpartiet Sigurd Reksnes, seier at med dei innsparingane fylkeskommunen må gjennom, er kutt i tannhelse naudsynt.

– Vi ser at dei har innfridd den bestillinga som fylkestinget kom med om at tannhelsetenesta må spare 11 millionar kroner, seier Reksnes.

Finansutval

TANNHELSE: I dag handsama fylkespolitikarane framlegget å leggje ned 11 klinikkar for å spare 11 millionar kroner

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stramme tider

Fylkeskommunen står overfor svært tøffe innsparingar, og kan i verste fall måtte kutte 220 millionar kroner.

– Slik sett har dei lagt fram ei utgreiing som økonomisk samsvarar med det som fylkestinget har sagt, seier Reksnes.

Sigurd Reksnes

TANNHELSEPLAN UT PÅ HØYRING: Sigurd Reksnes (Sp).

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

No skal saka om den framtidige tannhelsetenesta ut på høyring, før fylkespolitikarane skal gjere vedtak. Då forslaget vart kjent i førre veke karakteriserte fleire ordførarar det som dramatisk om dei skulle miste tannklinikken. Også ordførarar frå Reksnes sitt eige parti, Senterpartiet.

– Då er det viktig at kommunane som har meiningar om det, kjem med sine innspel, og så må vi gjere våre vurderingar, seier Reksnes.

Framtidsretta

Fylkesvaraordførar frå arbeidarpartiet Åshild Kjelsnes meiner kutta i tannhelsetenesta i fylket er framtidsretta.

– Eg meiner at dette er framtidsretta. Heile vitsen er å gi eit best mogleg tilbod. Og dersom det endar opp med einmannsklinikkar som ein ikkje får bemanna så er ikkje det best mogleg tilbod, seier Kjelsnes.

Fylkespolitikarane vart og samde om at dei i høyringsbrevet og skal stille nokre konkrete spørsmål i forhold til å tilby kommunar å ha tannlegestolar på enkelte eldreinstitusjonar. Det blir og lagt opp til meir fleksible opningstider for tannklinikkane, slik at dei kan nyttast meir ut over ettermiddagane.

– Frå vår side meiner vi det er gjort svært mykje godt arbeid i den planen, No går den ut på høyring, slik at alle får høve til å seie sitt, seier Kjelsnes.