«Kristin Lavransdatter» avlyst

Musikalen «Kristin Lavransdatter» er for andre gong på to dagar avlyst. Førestillinga ved Den Nationale Scene (DNS) i Bergen, blei fredag avlyst på grunn av sjukdom. No er også oppsettinga laurdag avlyst. – Ein av hovudrolleinnehavarane har høg feber. Det er svært beklageleg, men helsa må gå først, seier medieansvarleg Ole Friele jr. DNS håpar å kunna setja opp to ekstraførestillingar for å ta igjen det tapte. Neste førestilling er tysdag 6. mars.

Kråkevik
Foto: Magnus Skrede / Den nationale scene