Hopp til innhold

Barne-TV frå Sogn og Fjordane nominert til gjev pris

«Klart eg kan»- serien, som vert produsert av NRK Sogn og Fjordane, er ein av finalistane under den nordiske barne-TV festivalen.

Premierefest for Klart eg kan

NOMINERT: Barne-TV produksjonen 'Klart eg kan' er nok ein gong nominert til ein gjev pris.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er i kategorien «0-6 år non fiction» at serien er nominert.

Når den store nordiske barne-TV festivalen i Ebeltoft i Danmark går av stabelen 22–26. mai skal «Klart eg kan» kjempe om den gjeve prisen mot barne-TV produksjonar frå dei andre nordiske landa.

Stor stas å bli nominert

Eva Westvik

STAS: Regiansvarleg Eva Westvik tykkjer det er stor stas å bli nominert.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Eva Westvik som er regiansvarleg for klart eg kan er svært glad for nominasjonen.

– Det er alltid stas å bli lagt merke til og det er viktig å bli lagt merke til for å kunne få fortsette med det arbeidet som vi gjer, seier Westvik.

– Kor mykje betyr ein slik pris?

– Det er viktig å bli lagt merke til for å kunne få fortsette med det arbeidet som vi gjer. Det at andre enn NRK Super legg merke til det vi lagar her i NRK Sogn og Fjordane er ein fordel for oss. Det syner at det vi lagar held ein god kvalitet, fortel Westvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Patrick Hjelle

BRANNMANN: Klart eg kan handlar om born viser kva som er spanande og utfordrande i deira kvardag. Her er Patrick Hjelle med pappa på jobb.

Foto: NRK

Ikkje den fyrste nominasjonen

Også tidlegare har barne-TV produsert i Sogn og Fjordane vorte nominert. I 2011 fekk serien «Her er eg!» tredjeplass under den nordiske barne-TV festivalen. Westvik trur dei kan ha gode sjansar også i år.

– Det er umogleg å vite noko eigentleg for eg har ikkje sett dei andre nominerte, men eg meiner at vi har ein bra dokumentar og eg veit at det ikkje er så mange som lagar barnedokumentar på den måten vi gjer som er så ekte, seier Westvik.

I dokumentarserien «Klart eg kan» får sjåarane møte born frå Sogn og Fjordane som viser kva som er utfordrande og spennande i deira kvardag. Borna er seg sjølve og sjåarane får bli med kvardagslege, men likevel svært viktige hendingar i borna sitt liv. Mange drøymer om ting dei vil klare, og jobbar hardt for å nå målet sitt.

– Vi er veldig nær det som skjer. Så om juryen set pris på det som er heilt ekte så ligg vi godt an, trur Westvik.

Naturen spelar på lag

«Klart eg kan» har også ein annan fordel i konkurransen mot dei andre nominerte trur Westvik.

– Med tanke på dei kulissane som vi arbeider i så vert dei godt lagt merke til i utlandet. Episoden som er nominert til prisen handlar om ein fjelltur og den storslåtte naturen slår nok godt an, fortel Westvik.