Hopp til innhold

«Isdronninga» Eva greidde ikkje å halde unna tårene

Til vinteren får det norske TV-publikummet sjå ei ny side av artisten som ein gong vart kalla isdronninga.

Eva Weel Skram

HEKTISKE DAGAR: Eva Weel Skram har mange jarn i elden om dagane. Tiårsjubileet som artist ser ut til å bli eitt av dei mest hektiske.

For Eva Weel Skram går eitt av sine mest spennande år i møte, ti år etter at ho for alvor slo gjennom i talentkonkurransen Idol.

Ho er snart ferdig med ei ny plate, ho har sleppt ein ny singel, ho er nettopp ferdig med innspelinga av den populære TV2-serien Hver gang vi møtes og ikkje minst: ho ventar sitt første barn saman med ektemann og bandkollega Thomas Stenersen.

– Korleis er det å gå gravid med sitt første barn?

– Berre å bruke dei orda er veldig uvant, men det blir spanande. Det er naturleg no i den alderen som vi er i, seier ho.

Var uroa for turneliv som småbarnsmor

Med nærståande plateslepp skal ho og mannen få kjenne på korleis det er å kombinere turneliv med det å vere småbarnsforeldre. Det trur ho går heilt fint, spesielt etter å snakka med musikarkollegaer som har vore gjennom den dansen før.

Thea Hjelmeland på Bylarm

SPURT TIL RÅDS: Førdemusikar Thea Hjelmeland var ein av artistane Skram spurte om råd om korleis ein kan kombinere turneliv og ungar.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Eg har snakka ein del med for eksempel Thea Hjelmeland som også har eit born med seg på turne. Ho har reist overalt og hatt tallause konsertar. Det har jo gått veldig bra. Eg var litt halvbekymra, men ho sa «Nei, nei, nei: det er verdas mest naturlege ting», seier Skram.

– Eg trur du berre må vere open for at ting blir litt annleis.

For tida fullfører dei album nummer fem, eit album dei har jobba med sidan hausten 2013. Plata kjem til våren og singel nummer tre, Phoenix, vart nettopp sleppt. For første gong er det ikkje ektemann Thomas Stenersen som har sete bak spakane.

– Det er første gong nokon andre har produsert musikken vår. Så det har vore noko heilt nytt og veldig spanande. Det trur eg ein kan høyre, seier ho.

Eva Weel Skram og Thomas Stenersen

KREATIV DUO: Eva Weel Skram og Thomas Stenersen møtte kvarandre på Idol-turneen i 2005. Sidan vart dei Eva & The Heartmaker og har heldt koken på norske hitlister sidan.

Foto: Pressefoto

Lovar mykje grining

Innspelinga av Hver gang vi møtes er over og Skram var veldig godt kjent med dei andre artistane som Admiral P, Wenche Myhre, Jørn Hoel og Unni Wilhelmsen.

– Det er noko av det kjekkaste eg har vore med på. Det var inspirerande, samstundes som det var veldig hektisk, seier Skram.

Kvart program blir spelt inn på ein dag. Artistane blir vekt klokka sju om morgonen og held på til klokka eitt om natta, før det er på han igjen klokka sju neste dag.

– Så det er klart det vart mykje grining med eit sånt stramt skjema, seier Skram.

– Og så er det litt dårleg gjort når eg sit der og er litt gravid i tillegg. Då blir det grining uansett, seier Skram.

Ekstra spesielt var det å høyre kjente norske artistar gjere sine eigne tolkingar av låtar ho har laga.

– Det var veldig rart, for eg har aldri høyrt nokon synge ein av mine låtar. Og i tillegg er det Wenche Myhre som står der og skal gjere det, seier Skram.