Hopp til innhold

«Ingen» vil ha bompengar

Brukarar, oppsitjarar, Innvik Bygdeutvikling og Stryn Næringssamskipnad ber Stryn kommune seie nei til bompengefinansiert opprusting av fylkesveg 60.

Fylkesveg Olden - Innvik.

Slik såg det på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik tysdag morgon.

Foto: Magnar Myklebust

Formannskapet skal i dag møtast for å gje kommunestyret si innstilling i saka som gjeld opprusting av «landets verste veg», fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

- Dette er ei vanskeleg sak. Dei gode løysingane finnast ikkje, meiner formannskapsmedlem og gruppeleiar i Senterpartiet, Per Kjøllesdal.

Røyster for bompengar

Kjøllesdal vil i dagens formannskapsmøte truleg røyste for bompengefinansiering av fylkesvegen. Etter det NRK kjenner til vil han truleg også sjå ordførar Nils P. Støyva støtte opp om det.

Det er har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå resten av dei sju formannskapsmedlemene før møtet i dag.

- Eg vil truleg røyste for bompenge, med visse atterhald. Det føreset kontinuerleg drift i arbeidet til prosjektet er ferdig og ein pris som tilsvarar Fatla, 28 kroner. Eg meiner det er rimeleg samanliknbare prosjekt, seier Kjøllesdal.

Vanskeleg sak

Kjøllesdal presiserer at partiet hans ikkje har drøfta problemstillinga i partigruppa, og at han såleis ikkje er sikker på kva partiet sitt andre medlem i formannskapet, Kathrina Elisabeth Flo, vil røyste. Om partiet samlar seg til kommunestyremøtet, og eventuelt kva dei vil røyste, gjenstår å sjå.

- Saka skal først avgjerast i kommunestyret 29. juni, minner Kjøllesdal om. Saka er omstridd og politikarane er berre samde om ein ting; at vegen må utbetrast.

«Ingen» vil ha bompengar

Ifølgje Fjordingen konkluderer samtlege høyringsfråsegner med at det ikkje bør innførast bompengar på fylkesvegen. At rådmann Per Kristian Storevik legg fram saka utan tilråding, understrekar den vanskelege avgjerda.

Tilrår formannskapet bompengar, er det den snaraste løysinga. Potensialet for innkrevjing er rekna til 100 millionar kroner, noko som utgjer 20-25 prosent av anleggskostnaden. Resten vil fylkeskommunen lånfinansiere.

SV seier nei

Eit nei betyr framleis mange år med uvisse, og dei kjende problema med tryggleik og trafikkavikling. I 2019 vil ein framleis mangle 320 millionar kroner på kunne fullføre opprustinga.

Når saka kjem i kommunestyret er det eit lett standpunkt for Mons Rustøy (SV). Han viser mellom anna til problematikken kring ein eventuell autopass og utanlandske førarar.

- Dette er ein veg som ein kan leve med som den er. Problemet er sommartrafikken. Blir det bompengar, så er det lokalbefolkninga som betaler for ein veg som kan brukast om sommaren. Det blir litt feil når det berre er utbetring av dårleg veg, meiner han.