Hopp til innhold

«Heile» bygda jobbar gratis for basseng - dugnaden står støtt i Noreg

Dugnadsinnsats verdt fleire millionar kroner har gjort det mogleg å bygga basseng i den vesle bygda.

Sjøkanten trivsel, basseng i Skånevik

Utandørsbassenget Sjøkanten Trivsel i Skånevik er oppvarma og held rundt 26 grader. Den offisielle opninga er rundt 22. juni.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Det er ropa varsku for den norske dugnadsinnsatsen fleire gonger dei siste åra. Truslane har kome som både koronapandemi og ulike spleiseløysingar.

Men dei fleste nordmenn tek framleis i eit tak.

Eit flunkande nytt utandørsbasseng i Skånevik i Sunnhordland er det ekstreme dømet på det.

Bygda har knappe 550 innbyggarar. For lita til at eit basseng kjem av seg sjølv. Men etter fleire tusen dugnadstimar, står det klart.

Sjøkanten Trivsel

Utandørsbassenget Sjøkanten Trivsel i Skånevik ligg like ved sentrum og ferje- og hurtigbåtkaien.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Jobbar 20 timar gratis i veka

– Eg har aldri vore trygg i vatnet sjølv. Difor vil eg at dei unge i dag skal ha ein skikkeleg stad til symjeopplæring, seier pensjonisten Jan Ulrik Langhelle.

Minst tre gonger i veka møter han til dugnad på utandørsbassenget. I det siste har han og fleire andre jobba rundt 20 timar i veka for å få det klart til opning i slutten av juni.

Ole Funderud og Jan Ulrik Langhelle

Ole Funderud og Jan Ulrik Langhelle jobbar med å setja barnebassenget i stand. Dei jobbar minst 20 timar dugnad i veka.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Ungane som testar bassenget denne dagen, går på Skånevik skule like ved. Næraste basseng har vore i kommunesenteret Etne, 28 kilometer unna på smale og svingete vegar.

– Mange har sterke minne om kombinasjonen av klor og spy på bussen frå Etne. Så no gler dei seg over basseng her, ler styreleiar i Sjøkanten Trivsel, Heidi Wannberg.

Prislappen på bassenget har enda på 17 millionar kroner.

Det hadde blitt minst 10 millionar meir utan dugnadsinnsatsen og alle pengegåver frå verksemder og privatpersonar, ifølgje Wannberg.

– Eg talde til 6000 dugnadstimar ein gong, men det er ganske lenge sidan.

Målet er å halda det oppvarma bassenget ope mellom påske og haustferie kvart år, for både fastbuande og tilreisande.

Leif Idar Matre, Ole Funderud og Heidi Wannberg på Sjøkanten Trivsel

Dugnadsgjengen trekker fram det sosiale som ei sterk drivkraft for å jobba så mykje dugnad. Her har Leif Idar Matre, Ole Funderud og styreleiar Heidi Wannberg ein kaffipause i det som skal bli yogarom.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Dystre spådomar gjort til skamme

Koronapandemien førte til eit lite dropp i den frivillige aktiviteten, men den har stabilisert seg igjen på eit høgt nivå.

62,7 prosent ytte frivillig innsats i 2023, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), som blir brukte av Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor til å finna ut kor stor påverknad pandemien hadde.

I 2017 var talet 63, og i 2014 var det 61 prosent som oppgav frivillig innsats.

– Den totale innsatsen i Noreg er stor og ville ha vore heilt umogleg å erstatta med betalt arbeidskraft, seier forskar Audun Fladmoe.

Les også Dugnaden du må gjøre kan bryte med idrettsforbundets regler

To jenter i duell på Norway cup mens foreldre ser på

Summen av frivillig innsats tilsvarte i 2020 142.000 betalte årsverk, viser dei siste tala frå SSB. Det utgjer ei verdiskaping på 78 milliardar kroner.

Det er kanskje då ikkje rart at dugnad er blitt kåra til Noregs nasjonalord.

Sjøkanten Trivsel

Det finst knapt innbyggarar i den vesle bygda som ikkje har bidrege i å få bassenget på plass.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Større innsats dess mindre bygda er

Det er ein større del av innbyggarane som deltek i frivillig arbeid dess mindre lokalsamfunnet er.

– Ein grunn kan vera at det offentlege tenestetilbodet er mindre der. I mindre sentrale kommunar kjenner folk kvarandre betre, og dei vil føla seg meir forplikta til å delta. På større stader kan ein leva meir anonyme liv, meiner Audun Fladmoe.

– Mitt inntrykk er at utruleg mange bygder og lokalsamfunn har veldig mykje dugnadsvilje. Og at målet er å gjera lokalsamfunnet til ein god stad å leva i, seier Marit Mellingen, som er direktør i Distriktssenteret.

Ho er imponert over mobileringsviljen, både i Skånevik og andre stader.

– Me veit at det som får folk til å bli buande, ofte er det sosiale samspelet og det å føla seg inkludert i eit fellesskap.

Pensjonistane ved bassengkanten i Skånevik har ikkje tal på kor mange timar dei har jobba gratis.

– Nei, det veit eg ikkje. Men det er jysla kjekt og sosialt, seier Arvid Svendsen.

Sjøkanten trivsel, basseng i Skånevik

Malvin Hereide og Bianca Gordon er blant mange elevar på Skånevik skule som får nytte av bassenget framover.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Les også Ny app kan sette dugnaden på prøve

Kristine Njærheim Jøntvedt er inne i appen Støtte