Hopp til innhold

Onsdag kjem «Gyda»: – Blir opp mot ti meter høge bølger

NVE bemannar opp i møte med ekstremvêret «Gyda» som er på veg til Noreg.

EKSTREMVÊR: Kristian Gislefoss varslar ekstremvêret som er på veg mot vestkysten av Noreg.

Meteorologane og NVE har allereie varsla store mengder nedbør og stor skredfare. Under eitt døgn etter at dei sende oransje farevarsel, oppgraderer meteorologane.

Den «atmosfæriske elva» er oppgradert til ekstremvêr, og får namnet «Gyda».

– Vi oppgraderer til raudt, altså det høgste nivået, for Møre og Romsdal og sør i Trøndelag, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Tysdag føremiddag oppgraderer også NVE sitt farevarsel for flaum og skred frå oransj til raudt nivå for delar av Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Dette er det høgste nivået for desse varslane.

– Dette er ein ekstrem situasjon som hender særs sjeldant og kan føre til store skadar, seier vakt Elin Langsholt i flaumvarslinga til NVE.

Ekstrevêret «Gyda» oppgradert til Ekstremvêr.

«Gyda»: Det blir ekstremt mykje regn sør i Trøndelag og Møre og Romsdal onsdag og torsdag. Ekstremvêret har fått namnet Gyda, og er på raudt farenivå.

Foto: Meteorologisk Institutt

Vêret er venta å ta seg til frå onsdag ettermiddag. I tillegg til kraftig nedbør til torsdag kveld, kjem det storm frå vest i fjellet.

Første sidan 2017

Ekstremvêret blir det første for regn sidan i 2017. «Birk» førte til nedbørsrekord i Bergen og gjorde skadar for fleire millionar kroner på Vestlandet. I fjor vinter førte vindstormen «Frank» til nær 400 skader i Nord-Noreg.

Meteorologisk institutt oppgraderer fordi dei kjenner seg sikrare på at det blir store nedbørsmengder. Nokre område på Nordvestlandet kan få opp mot 200 millimeter nedbør på to døgn.

– Prognosane inneheld minst like mykje regn som i går. Område som får ekstremt farenivå ligg på 80–120 millimeter på 24 timar, kanskje 150 lokalt, seier han og fortel at klimaet i desse fylka toler dårlegare nedbørsmengdene som er venta.

Det aukar også faren for hendingar og ekstreme hendingar.

– Vi ventar same mengd i Sogn og Fjordane også, men klimaet her toler betre regnet som kjem, held Fagerlid fram.

Laster Twitter-innhold

– Omfattande uvêrssystem

Brigt Samdal - NVE

NVE: – Vi har eit heilt batteri med ulike naturfarar, som spisskompetanse skal inn å vurdere, seier Brigt Samdal i NVE.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

For Møre og Romsdal og delar av Sør Trøndelag er farevarselet for regn oppgradert til raudt. Meteorologen seier dei er mest uroa for midtre og indre strok av områda ekstremvarselet gjeld. Det er ikkje berre regnet frå himmelen som uroar.

– Det som er vår og NVE si uro, er at vi også får veldig mild luft. Så vi får snøsmelting i tillegg. Dette er utanfor sesongen for at vi skal ha så pass kraftig regn, seier Fagerlid.

Meteorologane vurderer også fare for vindkast austanfjells på torsdag. Nord i Noreg er det fare for snø.

– Det er eit stort og omfattande uvêrssystem, seier Fagerlid.

NVE bemannar opp

NVE har oppgradert sitt farevarsel om jord-, sørpe og flaumskred frå oransje til raudt nivå for store delar av Sør-Noreg. Direktør for skred- og vassdragsavdelinga, Brigt Samdal, seier dei bur seg både med ressursar og utplassering av folk for å få oversikt.

Han seier raudt farenivå er alvorleg.

– Vi mobiliserer det vi har av fagfolk innan ulike fagområde, seier Samdal og nemner flaumsituasjonar med erosjon, isgang og alle dei ulike typar skred.

– Vi har eit heilt batteri med ulike naturfarar, som spisskompetanse skal inn å vurdere, seier han.

Samdal reknar med at vatn fort kan kome på avvege.

– Det er natur det handlar om. Det kan endre seg og bli justeringar, men det er viktig å ta dei tiltaka ein kan: flytte vekk campingvogner og sikre verdiar som står utsett til, reinse stikkrenner, kummer og rister slik at dei er mest mogleg budde på at det kan skje hendingar, seier han.