Hopp til innhold

«Grøn» norsk aluminum blir til gull for Hydro

Den reine vasskrafta gjer at prisen på norsk aluminium blir høgare og høgare og sikrar store inntekter for fastlandsindustrien.

Hydro støtter NTNU-forskning

HØGARE PRIS: Prisen på eitt tonn aluminium har gått opp jamt og trutt i 2017.

Foto: Hydro

Etterspurnaden etter aluminium aukar på verdsbasis og spesielt stor betalingsvilje er det for aluminium som er produsert med fornybar energi.

– Vi ser at aluminium etterspurnaden globalt har auka med tre til fire prosent årleg dei siste åra, og den er venta å halde fram. Store delar av den nye produksjonen dei siste åra har skjedd i Kina der mykje er produsert med kullkraft. Vi kjem til å halda fram med å produsera i Norge med vasskraft, seier Halvor Molland, informasjonsdirektør i Hydro.

Reuters skreiv onsdag om at produsentar av aluminium som er laga med fornybar energi får betre pris per tonn aluminium, enn dei som produserer metallet ved kullkraft.

Auka interesse

Hydro produserer om lag ein million tonn med aluminium som nyttar vasskraft som energikjelde i Norge. Å laga eit tonn med aluminium med kull som energikjelde har eit Co₂ utslepp på 18 tonn, medan tilsvarande mengde produsert med vasskraft berre nyttar slepp ut to tonn Co₂.

Halvor Molland

Halvor Molland, informasjonsdirektør i Hydro.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

Det har kundane merka seg.

– Heilt klart. Vi ser at det er ei stor aukande interesse globalt for aluminium som er produsert med fornybar energi. Kundane er stadig meir opptatt av det, seier Molland.

Kina står for over halvparten av aluminiumsproduksjonen på verdsbasis og det aller meste der vert laga ved kullkraft. Prisen for eit tonn med aluminium ligg på London børsen til om lag $1900 eller cirka 15.000 kroner.

Til Reuters stadfestar fleire av dei største produsentane av aluminium med fornybar energi at dei får ein høgare pris enn det som er standardprisen.

– Prisen på London børsen er sett globalt og uavhengig av kor den er produsert, men vi merker at kundar bryr seg meir om kor aluminiumen er produsert, seier Molland, som er ordknapp om dei får meir betalt per tonn enn standardprisen.

Ikkje merka

Fleire globale aluminiumsprodusentar har merka sine produkt med at dei er produsert med fornybar energi.

– Vi har ikkje det enno, men vi har ein stor produksjon av denne typen aluminium, seier Molland.

I juli låg Hydro fram sitt resultat for andre kvartal, som viste det beste driftsresultatet sidan 2015.