Hopp til innhold

«Sjølv om eg ikkje får kome tilbake til Noreg må eg vekk herifrå»

Det er eit halvt år sidan 27 år gamle Taiman Agid Fatah blei tvangsutsendt frå Noreg. I ei Skypesamtale med kameraten Rudi Bakken frå Bergen, viser han staden han har vore sidan han reiste frå Noreg.

– Eg tør ikkje å vere her. Uansett om eg ikkje for lov å kome tilbake til Noreg må eg vekk frå denne staden, seier Fatah i Skypesamtala med Rudi Bakken.

Det er seks år sidan 27 år gamle Taiman Agid Fatah fekk endeleg avslag på asylsøknaden sin. 10. februar i år vart han tvangsutsendt.

Tvangsutsendt etter 13 år

Taiman Fatah

VENTAR PÅ Å BLI SENDT UT: Taiman Agid Fatah sat på Trandum utlendingsinternat i påvente om å bli sendt ut tidlegare i år.

Foto: Privat

29. april bestemte utlendingsnembda (UNE) at dei vil behandle saka til Agid Fatah på nytt. Om éi veke blir Fatahs sak behandla på nytt i nemdmøte.

27-åringen kom til Noreg frå Irak med familien sin i 2001. Far til Fatah hadde reist frå landet to år i førevegen, og i 2005 fekk resten av familien opphaldtillatelse. Men ikkje Fatah.

I 2008 fekk han endeleg avslag på asylsøknaden sin, og i januar i år bestemte myndigheitene seg for å tvangsutsende han.

10. februar i år vart han sendt ut av Noreg. Sidan har han vore i Irak i byen Zakho, som ligg nordvest i landet, like ved grensa til Syria, Tyrkia og Irak.

I Skypesamtala med kameraten er det tydeleg at Fatah ynskjer å kome seg vekk frå Zahko.

– Han er redd

Fatahs kamerat frå Bergen, Rudi Bakken, fortel at det var ei ubehageleg samtale han hadde med kompisen sin tysdag kveld.

– Byen blir fylt opp med flyktningar frå Shingal. ISIL sine styrkar er berre ein time unna. Eg tør ikkje vere her, seier Fatah i Skypesamtala.

– Han er frykteleg redd og føler seg ikkje trygg i byen. Alt han vil er å kome heim til Bergen, seier Bakken.

Bakken fortel at det ikkje er ofte han får snakka med Fatah, men at dei har snakka eit par gonger i månaden sidan han reiste i februar.

– Det er ikkje så ofte han har tilgang på Internett, då blir det litt vanskeleg å få snakka. Men me tenkjer på han heile tida.

Stort engasjement

støtte hoved

VISTE STØTTE: Taiman-saka har engasjert mange i Bergen, som tykkjer det er urimelig at den 27 år gamle kurdaren blir sendt ut av Noreg – 13 år etter at han kom til landet.

At Fatah blei tvangsutsendt frå Noreg har fått mange i Bergen til å reagere. Demonstrasjonar, fakkeltog og støttekonsertar er berre nokre av tiltaka vener og kjenningar har stelt i stand for å få myndigheitene til å snu i saka.

– Me vil gjere alt me kan for å få han heim. Han har det ikkje noko bra der han er no. No håpar me at UNE gjer det som er rett, seier Bakken.