Hopp til innhold

«Eg føler meg rett og slett dolka i ryggen»

Heilt til i dag tidleg trudde Espen Sortevik (Ap) at han skulle bli den nye ordføraren i Bremanger. Men Høgre og SV braut ut og sikra Høgre-ordførar i staden. No føler Sortevik seg dolka i ryggen.

Espen Sortevik Bremanger Ap

IKKJE ORDFØRAR: Espen Sortevik (Ap) trudde at han var sikra posisjonen som ordførar i Bremanger. Slik gjekk det ikkje.

Foto: Privat

– Eg trudde jo at den avtalen vi hadde med Høgre, SV og Venstre var god og veljarane sa jo også klart frå gjennom valresultatet korleis dei ville ha det. Eg føler meg rett og slett dolka i ryggen av dei to partia som gjekk ut av den avtalen utan særleg forvarsel, seier ein svært skuffa Espen Sortevik til NRK.

Avtalen, som blei signert 17. september av Høgre, Ap, SV og Venstre, skulle sikre Ap ordføraren og Venstre varaordføraren. No skuldar Høgre Arbeidarpartiet for brot på løfta om at representantane i formannskapet skulle ha personlege varamedlemer.

Avtale i Bremanger

BRAUT AVTALE: Dette er dokumentet som skulle sikre Ap ordføraren i Bremanger. Høgre og SV droppa samarbeidet.

Hadde møte i Kalvåg

– Det er jo heilt feil. Vi hadde eit møte på søndag der vi gjekk gjennom denne avtalen og der vi også forsikra oss om at det var viktig at SV fekk 1. vara. Så var det ein liten prat etterpå om kven som skulle følgje deretter. Då vart vi jo samde med Høgre at det var kjøtvekta som skulle vere avgjerande, seier Sortevik.

– Kva gjer dette med tilliten til politikarane i Bremanger?

– For meg personleg så blir det jo ei kjensle av at det no blir nøra oppunder politikarhets. Det trur eg ikkje er bra at vi driv på slik. Difor ville vi ha ein avtale så tidleg som mogleg, slik at folk visste kva dei gjekk til.

Vil sjå framover

Det var i staden Audun Åge Røys (H) blei i dag vald til ny ordførar i Bremanger. Han er glad for tilliten, og ønskjer no å sjå framover.

Audun Åge Røys frå Høgre blir ny ordførar i Bremanger

ORDFØRAR: Audun Åge Røys (H).

Foto: NRK

– Det blir utfordrande og spennande, no ser vi lys i enden av den såkalla Terra-tunnelen. Det opnar seg ein del moglegheiter for oss no, og eg trur det blir veldig kjekt, seier Røys.

Espen Sortevik innrømmer at han er skuffa og han synest at dette er ein særleg uheldig måte å drive politikk på.

– Det skal jo gå på tillit og eit ord skal vere eit ord. Vi var jo innstilt på å halde på denne avtalen til siste nikk. Vi må berre ønskje ordføraren lukke til med arbeidet, sjølv om vi ikkje likar måten han kom til gjerninga på.