Hopp til innhold

«Dumpa hund» var eigentleg ein utstoppa sel

Fleire reagerte kraftig då det vart meldt om ein dumpa hund i ein søppelkonteinar i Aurland. No viser det seg at det var noko ganske anna som låg i konteinaren.

Erik Strøm, Aurland

UTSTOPPA SEL: Erik Strøm ved konteinaren der han kasta den utstoppa selen sin.

Foto: Arne Veum

– Eg hadde ein utstoppa sel i stova som var øydelagt. Den tok eg med meg då eg uansett skulle opp og kaste søppel. Den gjekk inn i det vesle holet i konteinaren, og eg tenkte ikkje noko meir over det.

Det fortel Erik Strøm, som er den som kasta den utstoppa selen i konteinaren. Strøm fekk først ikkje med seg sakene om «hunden», som også NRK omtalte.

Erik Strøm med utstoppa sel

RUNDT HALSEN: Erik Strøm med selen før den enda opp i konteinaren.

Foto: Privat

– Vi har vore vekke i helga, så eg fekk høyre det først i går kveld. Då eg såg biletet såg eg med ein gong at det var selen eg hadde kasta.

– Kan du forstå at dei som fann selen trudde det var ein hund?

– På biletet såg det faktisk ut som det kunne vere ein hund, ja. Dei skvatt vel kanskje litt då dei opne luka, tenkjer eg, seier Strøm, og legg til:

– Eg håpar ikkje at eg har skremt livet av dei som såg inn i konteinaren.

– Må berre beklage

Den utstoppa selen fekk Strøm i fjor. Sidan har han hatt den i stova.

– Barnebarna har vore på besøk og rive av den eine labben, og då såg han ikkje heil ut lenger, seier han.

Strøm synest det er synd at folk har trudd det var ein hund som låg i konteinaren, og håpar at saka no er ferdig.

– Eg må berre beklage at folk har reagert på denne måten, det var ikkje det som var meininga. Det var jo berre søppel.

– Det var i alle fall ikkje ein hund, fastslår han.

Hund i container, Aurland

IKKJE EIN HUND: Det var ikkje ein hund, men ein utstoppa sel som vart funnen i konteinaren i Aurland.

Foto: NRK-tipsar