Hopp til innhold

«Datadetektiv»: – Politiet er nøydde til å gjere noko

Ho avslørte kven som spreidde bileta av Nora Mørk. No krev «datadetektiv» Mia Landsem at politiet gjer meir for å avsløre dei som kjøper overgrepsbilete av barn.

Mia Landsem

KREV HANDLING: Mia Landsem jobbar mykje med å avsløre overgriparar på nett. Ho meiner politiet må jobbe hardare for å avsløre vaksne som kjøper seksualiserte bilete av barn.

Foto: NRK

Mia Landsem er ein av dei som reagerer sterkt på utspelet til politi og politikarar om meir fokus på førebygging og foreldreansvar. Pågåande etterforsking syner at vaksne kjøper bilete av jenter heilt ned i 12–13-årsalderen.

– Politiet er nøydde til å gjere noko. Eg etterlyser framleis lovendringane som blei gjort for to år sidan. Kor har dei blitt av? Kor er dei skjerpa straffene? spør Landsem.

– Du hjelper mange unge på nett. Korleis blir du møtt av politiet?

– Eg synst det er veldig varierande. Viss eg varslar om kontoar som kjøper seksualiserte bilete av barn, så får eg svaret «takk for informasjon» og så held vedkommande fram i år utan at eg ser at noko skjer, seier Landsem.

Etterforskar fleire saker

Politisjef i Sogn og Fjordane og mangeårig leiar for Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, forsikrar om at dei ikkje berre driv førebyggjande arbeid.

– Politiet driv med mykje meir enn å snakke med og oppfordre. Vi har blant anna nasjonal strategi som heiter «Delbart». Der er det opplæring både for ungdomar og for foreldre om korleis ein skal stelle seg til deling av bilete, påpeikar Johannessen.

Han også er uroa over at politiet avdekker stadig fleire saker der vaksne menn får tilbod om og kjøper bilete av barn ned i 12-årsalderen.

Fleire nye saker er no under etterforsking, stadfesta Johannessen til NRK i går.

Arne Johannessen er politisjef i Sogn og Fjordane. Fotografert på kontoret i Sogndal 6. juli 2020.

ÅTVARAR: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, meiner at foreldre må ta del i det førebyggjande arbeidet mot nettovergrep.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Sakene blir lagt bort

Mia Landsem meiner at det som no må til er skjerpa straffevilkår for dei vaksne som gjer desse overgrepa.

– Det er ekstremt mange vaksne som søker kontakt med barn. Vi må snakke med barna, søskena våre, foreldra, fedrane våre, seier Landsem.

Ho meiner at politiet er nøydde til å sette inn det dei kan av ressursar for å stoppe dei som kjøper.

– Nakenbilete-sakene eg handterer blir nesten alltid lagt bort, sjølv med mykje bevis. Det hjelper ikkje å gå ut og åtvare heile tida, og seie foreldra må prate med barna sine – for mange av desse barna veit, og dei blir framleis lurt av vaksne.

Opptrappingsplan mot vald og overgrep

NRK har ved fleire høve forsøkt å få justisminister Monica Mæland (H) i tale om denne saka. Ho har førebels ikkje hatt høve til å gje kommentarar.

Men i ein e-post frå informasjonsavdelinga i departementet, syner dei til regjeringa sin handlingsplan mot valdtekt som gjeld fram til 2022.

Vidare skriv dei at det også blir arbeida med ein opptrappingsplan med tiltak for å overvinne blant anna vald og overgrep mot barn, også på internett.