Hopp til innhold

«Burde aldri sleppt folk i bakken»

Andor Smørdal (80) meiner vêret og snøsituasjonen var så dårleg at Harpefossen skisenter aldri burde sleppt skikøyrarar til topps i anlegget.

Storaksjon ved Harpefossen.

STORAKSJON: Fleire personar deltok i leiteaksjonen søndag.

Foto: Øystein Torheim

Leitemannskap frykta lenge at ein ni år gamal gut kunne ha vore tatt av snøskred ved skisenteret på søndag føremiddag.

For to år sidan vart eitrakkemaskin teken av snøskred ved det same skisenteret.

– Eg håpa på at dei ikkje sette folk på øvste toppen i dag. I går då eg var oppe, var vêrtilhøva så dårlege at til og med eg, som er lokalkjend i området, hadde problem med å finne fram, fortel Andor Smørdal (80) til NRK.no.

Bilete frå rasområdet viser at mange køyrde utanfor oppmerkt løype ved Harpefossen.

UTANFOR: Bilete av rasområdet ved Harpefossen viser spor frå fleire som har køyrt utanfor oppmerkt løype.

Foto: Øystein Torheim

Helikopter løyste ut skred

Smørdal er grunneigar, skiveteran og sjølv ein aktiv brukar av skitrekket i Eid. Han er klar på at snøskredfaren var stor søndag og at øvre del av skitrekket burde vore stengt.

Andor Smørdal

STENGT: Andor Smørdal meiner Harpefossen skisenter burde stengt øvre del allereie frå starten av.

Foto: Øystein Torheim

Også eit helikopter som flaug lågt løyste ut snøskred.

– Plutseleg kan det komme noko. Det har gått snøskred her før. Og når vêret er slik som no, så er det «betre å vere føre var enn etter snar». Det er fine bakkar her nede også, seier han.

– Der oppe er sikta så dårleg, at ein har ingenting der å gjere, seier han og presiserer at han ikkje vil kritisere anlegget.

Video Slik skal dei laga eit sikkert skredvarslingssystem

SJÅ: Slik skal dei lage eit sikkert skredvarslingssystem.

Skreda vart utløyste

– Det vi kunne gjort var å stengje lenger nede for å avgrense kor langt opp dei kom med heisen. Det har vi gjort no, seier dagleg leiar Bjørn Kjørstad til NRK.

Dagleg leiar ved Harpefossen skisenter, Bjørn Kjørstad.

KRITISK: Bjørn Kjørstad meiner folk må respektere skiltinga.

Foto: Øystein Torheim

Kjørstad fortel at dei på toppen av bakken skilta område som var stengde, og at desse områda er så store at dei umogleg kan sperre desse fysisk av frå resten av bakken. Likevel har folk køyrt i forbode område.

– Vi skiltar løyper som er stengde. Det må folk respektere. Dei køyrer på eige ansvar i stengde område, seier han.

Markert snøskredfare

Leitemannskap ved Harpefossen skisenter.

LEITA: Røde Kors, politi og hundeførar i samtale.

Foto: Øystein Torheim

Kjørstad får støtte frå fagansvarleg for snøskredforsking hos NGI, Frode Sandersen.

Han seier det enkelte stader er markert snøskredfare, faregrad tre på ein skala frå ein til fem.

– Då er det ikkje mykje naturleg utløyste skred, men ofte skiløparane sjølve som utløyser skred. For mange skiløparar kan det vere vanskeleg å vurdere kva heng som er farlege, seier han og meiner skiftingar ved skisentra såleis er ei god rettesnor.

Løyste ut skred

Politiet opplyste tidleg søndag at det var eit skred på kring 150 meter, og kring 60–70 meter breitt. Det skal ha vor ein heil rygg som losna.

Dagleg leiar Bjørn Kjørstad fortel skreda ikkje vart naturleg utløyst, men at dei vart løyst ut av folk frå skipatruljen. Desse skal ha forvissa seg om at det ikkje var folk i rasområdet. Kjørstad skildrar utløysinga som kontrollert.

– Vi har to personar i skipatruljen som har utløyst nokre småskred, og så har vi ein snøbrettkøyrar som er mykje i bakken, som kom og fortalde at han hadde utløyst eit lite skred, seier han til NRK.no.

Uvisse om niåring

Det var skisenteret som sjølv bad om assistanse då ein ni år gamal gut fortalde ein vaksen at han hadde kome vekk frå kameraten som han køyrde saman med. Samstundes hadde snøskreda gått.

Skipatruljen ved Harpefossen skisenter.

PATRULJE: Skipatruljen ved Harpefossen skisenter.

Foto: Øystein Torheim

På grunn av uvissa til denne niåringen vart det sett i gang søk i området. Det viste seg etter kvart at niåringane ikkje hadde vore i rasområdet i det heile.

– Når ein er i tvil, som i dag, så gjer vi alt vi kan for å få tvilen vekk, få folk på plass og finne ut om alle har det bra, seier Kjørstad.

– Må ta til etterretning

Ti personar frå Røde Kors, ei skredgruppe på sju personar frå Ørsta/Volda og to lavinehundar og ein ekvipasje frå Norske Redningshundar i Møre og Romsdal deltek i søket.

I tillegg vart politi og luftambulansen frå Ålesund og Førde sendt til staden.

– Det vi har lært etter i dag er at vi har gjort det vi kan, folk følgjer ikkje vår merking og skilting. Det må ein ta til etterretning og avgrense terrenget endå meir, avsluttar Kjørstad.

Storaksjon ved Harpefossen.

STORAKSJON: Fleire personar deltok i leiteaksjonen søndag.

Foto: Øystein Torheim