Hopp til innhold

«MS Lofoten» torer ikkje passere Stad - «Berit» er for sterk

Hurtigruteskipet «MS Lofoten» har gått til kai i Måløy. Bølgjene er for store til at det 50 år gamle skipet vil passere Stadhavet. – Det er ingen dramatikk i dette, seier kapteinen.

Hurtigruten „Lofoten“

«MS Lofoten» blir liggjande i Måløy til vêret blir betre.

Foto: Håkon Sørø

Det var Fjordenes Tidende som først melde om det i dag tidleg.

– Det er bølgjehøgda som er problemet. Både for båten og for passasjerane sin tryggleik er det best å ligge til det blir betre vêr, seier kaptein Tor Amundsen til NRK.

Blir liggjande

«MS Lofoten» blir liggande til kai i Måløy medan dei ventar på at vinden skal løye. Det er stormen «Berit» som forårsakar dei kraftige bølgjene og sterke vinden.

– Bølgjene er jamt mellom 10 og 14 meter høge, men det er toppar på godt over 20 meter, seier Amundsen.

Etter planen skal skipet gå vidare laurdag morgon klokka åtte, og då går det direkte til Rørvik for å ta inn att den tapte tida. Skipet er på veg nordover, og droppa å gå til kai i Florø som ein konsekvens av det dårlege vêret.

– Det var for mykje vind i Florø til at det var forsvarleg å gå inn der, seier kapteinen.

Klostertur for passasjerane

– Etter lunsj skal me arrangera ein tur til Selje kloster slik at passasjerane har noko å gjera medan vi ligg til kai.

«MS Lofoten» har 15 passasjerar som er med på heile turen og fire passasjerar som berre reiser ein mindre del, totalt 19 passasjerar.

– Ein god del såg vêrvarslinga og avlyste, seier Amundsen.