Hopp til innhold

«Alle» vil studere kryptovaluta

Rekordmange vil lære meir om den digitale valutaen Bitcoin. Høg kvinneandel overraskar læraren, men ikkje «kryptojenta» Suzanne Loe.

Suzanne Loe

FØLGER MED: Suzanne Loe er på ferie i Sandefjord, men følger samtidig nøye med på «kryptokursen».

Foto: Suzanne Loe

– Eg synest det er interessant og trur det vil vere viktig i framtida, seier Suzanne Loe.

For henne var det Facebook-gruppa Kryptojentene som gjorde at ho fekk auga opp for Bitcoin og kryptovaluta.

Den digitale valutaen Bitcoin vart introdusert i 2009. Ideen var å skape ein digital valuta som ikkje lar seg påverke av styresmakter eller sentralbankar.

For Loe var investeringar i kryptoverda ikkje nok. Ho melde seg like gjerne opp i enkeltemnet på Høgskulen på Vestlandet om Bitcoin og kryptovalutaen sin plass i den internasjonale økonomien.

Der er ho ikkje åleine.

Søkartala hjå høgskulen si avdeling i Sogndal har gått i taket, og emnet blir det mest populære på høgskulen i år, med totalt 262 søkarar.

Sist gong kurset blei halde, i 2019, var søkartalet 22.

Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

REKORDTAL: Søkartalet har skote i veret på kurset om Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien. Kurset blir halde digitalt frå campus i Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kvinner i krypto

Kvinneandelen har også stige, om lag ein tredjedel av dei som har takka ja til studieplass er kvinner.

– Eg trur det berre er snakk om tid før enda fleire kvinner kjem på banen, seier Suzanne Loe.

E24 har tidlegare skrive om kvinner si låge interesse for å eige kryptovaluta.

Ei undersøking frå Norstat syner at 3 prosent av kvinnene i Noreg investerte i kryptovaluta, eit tal som har stått på staden kvil. Blant menn var talet stigande, der 11 prosent sa det same.

Talet på kvinner på kurset overraskar emneansvarleg, Svein Ølnes.

– Kryptomiljøet har jo vore dominert av unge, kvite menn, så det er særs interessant at fleire kvinner interesserer seg, seier han.

Svein Ølnes

STØRRE ROLLE: Emneansvarleg Svein Ølnes gler seg over høge søkartal. Han trur Bitcoin i framtida vil ta ei større rolle i den globale økonomien.

Foto: Privat

Raske gevinstar

Årsaka til den store interessa for temaet heng saman med at kurset er det einaste av sitt slag som ikkje krev forkunnskapar og som samtidig er heildigitalt.

Emneansvarleg er ikkje fjern for at mykje av interessa kjem frå håpefulle privatinvestorar som ser kryptovaluta som eit lovande investeringsobjekt.

– Moglegheita for raske gevinstar er så klart ein motivasjon, seier Ølnes.

Mange har vore skeptiske til dei store svingingane i verdien av Bitcoin – det som i finansverda blir kalla volatilitet. Ølnes meiner dette er noko ein må rekne med for ein ny valuta.

– Det er som å kritisere eit spedbarn for å ikkje vere fullt utvikla, seier han.

Kan bli global reservevaluta

Til vanleg forskar Ølnes på digitalisering i offentleg sektor. I dei seinaste året har likevel Bitcoin tatt større del av merksemda hans.

Diskusjonar går føre seg om kor viktig Bitcoin og annan kryptovaluta vil bli i framtida.

I juni kom det fram at El Salvador kan bli det første suverene landet som innfører Bitcoin som lovleg betalingsmiddel. Ølnes spår ei liknande utvikling globalt.

– Eg trur Bitcoin kjem til å konkurrere med dollaren som global reservevaluta, seier Ølnes.

Kurset til Ølnes vil ha Bitcoin i søkelyset, medan blokkjedeteknologien som står bak, vil hamne litt i skuggen.

Bitcoin.jpg

BITCOIN: Dei lærde stridest om Bitcoin vil halde fram med å overleve.

Foto: 3d illustration of bitcoin over cyber background with cpu, 3d illustration of bitcoin over
Carsten Bienz

USIKKER: Førsteamanuensis på Norges Handelshøyskole (NHH), Carsten Bienz spår ei vanskeleg framtid for Bitcoin og kryptovaluta.

Foto: NHH

Trur Bitcoin kan forsvinne

Førsteamanuensis på NHH, Carsten Bienz, forskar mellom anna på kryptovaluta. Han er ueinig i analysen til Svein Ølnes.

For han er det teknologien bak som er interessant, medan Bitcoin spår han ei vanskeleg framtid.

– Bitcoin som reservevaluta, det kjem ikkje til å skje. Det blir spennande å sjå om Bitcoin overlever, seier han.

Kryptovaluta har blitt gjenstand for kritikk på bakgrunn av rolla han har i organisert kriminalitet. Mange hugsar Lørenskog-kidnappinga der dei mistenkte kidnapparane ønska betaling i kryptovaluta for slik å sikre anonymitet.

Kritikk har også kome i samband med klimaavtrykket frå utvinninga av valutaen.

– Rolla som klimatrussel og innanfor organisert kriminalitet vil føre til vanskar i møte med den organiserte økonomien, seier Bienz.

Han synest likevel studentane som har meldt seg på, gjer eit godt val.

– Blokkjede er ein særs spennande databaseteknologi som vil bli viktigare i framtida, seier Bienz.