Hopp til innhold

«Alle» vil ha ein bit av Flatland

Etter det internasjonale gjennombrotet sist sesong, har interessa for Ann Kristin Flatland auka monaleg.

Ann Kristin Flatland

MEIR MERKSEMD: Med betre resultat kjem også meir merksemd frå alle kantar. Her er Ann Kristin Flatland på Beitostølen, der ho vann begge renna under sesongopninga i år.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Eg har fått ein del ulike tilbod. Alt frå «Vil du bli millionær?» og «Golden Goal» til styling med Jan Thomas og førespurnad frå herrebladet «Alfa», fortel Flatland til strafferunden.no.

Ho har førebels takka nei til alt, skriv nettstaden.

Får meir fanpost enn før

Ann Kristin Flatland tok sist sesong steget opp på sigerspallen i verscupen for første gong. Sesongopninga på Beitostølen gav dessutan signal om at skiskyttaren frå Vik kanskje er i betre slag enn nokon gong.

No får ho også meir fanpost enn før - og ikkje alt er like hyggeleg.

- Det har vel vore nokre telefonar og SMS litt på kanten av det eg set pris på, seier Flatland.

Var utlada etter Beitostølen

Onsdag 1. desember er det duka for sesongens første renn i verdscupen.

Då står 15 kilometer på programmet i svenske Østersund.

- Eg har hatt lite lite energi etter opningsrenna på Beitostølen, og har difor teke det litt med ro. Men eg har trent bra, seier Flatland til strafferunden.no.