Ordførar krev fortgang i ryddearbeidet på Sognefjellet

Luster-ordførar Ivar Kvalen er lite nøgd med at Sognefjellet framleis er stengd – over ei veke etter det store raset ved Bøvertunvatnet i Lom.

Steinras på fv. 55

STENGD: Steinblokker store som bilar dundra ned på fylkesveg 55 i Lom for ei veke sidan. Vegen er framleis stengd. – Slik vêrprognosane ser ut per i dag, så er måndag eller tysdag første moglegheit til å spyle fjellsida rein for lause steinar, seier Marthe Tøsse Løvseth i Statens vegvesen.

Foto: Politiet

– Det er ei viktig samferdsleåre mellom Aust og Vest. Sjølv om det er siste del av turistsesongen, så er det framleis stor turisttrafikk både i Lom og Luster. Stengd Sognefjellsveg har betydeleg innverknad på reiselivet, seier Ivar Kvalen.

Ber om fortgang

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

FORTGANG: – Ingenting skal gå på tryggleiken laus, men eg har ein liten magekjensle av at oppryddinga ikkje har fått den beste prioriteringa, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

No har Luster-ordføraren sendt brev til samferdsleavdelinga både i Oppland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Han ber etatane leggje press på Statens vegvesen, slik at fjellovergangen ikkje går rett frå rasstenging til vinterstenging.

Han har fått tilbakemelding på at vegen kan bli stengd til ut i oktober-månad. Då er det kort tid att til fjellet blir stengt for vinteren.

– Fjellovergangen er viktig for reiselivet og verksemder i Indre Sogn og Gudbrandsdalen. Du merkar at Sognefjellet er stengd på mange måtar, seier Kvalen til NRK.

Målretta arbeid

I brevet til samferdsleavdelingane skriv Kvalen at reiselivet i regionane har jobba målretta med å utvide turistsesongen.

I Luster har verksemder fått nye kundegrupper utover hausten, og mange verksemder har utvida sesongen med både veker og månader. Kvalen viser mellom anna til Lerum som nyttar Sognefjellet mykje.

– Hausten er som vi veit ei vakker tid både i fjell og ved fjord. Ein grunnleggande føresetnad for å få kundar til verksemdene er at vegen er open, skriv Luster-ordføraren.

Stort steinras

Det er ikkje noko lite ras som stengjer fylkesveg 55 mellom Bøvertun og Rustadsæter. Over ei strekkje på kring 50 meter landa det seks-sju store steinblokker i vegbana .

Alternativ omkøyring for vegfarande er riksveg 15 over Strynefjellet eller Valdresflye.

Marthe Tøsse Løvseth i Statens vegvesen avviser at dei ikkje har prioritert rydde- og sikringsarbeidet. Ho seier at omsyn til tryggleiken for dei som arbeider kjem først.

– Det er framleis rasfare i området og vi avheng av å kome til med helikopter for å få reinska fjellsida så det er trygt å starte oppryddingsarbeidet, seier ho til NRK.

Uviss opning

Det har vore mykje vêr og vind i fjellet og langs kysten siste tida, men måndag eller tysdag håpar Løvseth at eit helikopter kjem i gang med å spyle fjellsida.

– Når det arbeidet er gjort, så må vegen ryddast og det blir ein omfattande jobb. Det ligg store steinblokker som truleg må piggast vekk, så skal vegen reparerast og setjast i stand att. Det er betydelege øydeleggingar på vegen, seier ho.

Det er førebels uvisst når fjellovergangen blir opna att.