Hopp til innhold

– Viser at det er mogleg å lukkast

VIK (NRK): Highsoft frå Vik har kundar over heile verda og har gått gjennom ein enorm vekst. – Vi må leggje til rette for at fleire kan lukkast, seier Hadia Tajik (Ap).

Hadia Tajik

LYTTE: Hadia Tajik trur andre bedrifter kan bli inspirerte og lære av Highsoft, som har lukkast på ein liten stad. Her lyttar ho og stortingspolitikar Ingrid Heggø (Ap) på informasjon om Highsoft under besøket denne helga.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg er her for å sjå og høyre korleis dei har jobba, og for å sjå om andre også kan jobbe på den måten, sa Tajik då ho besøkte Vik fredag.

Highsoft AS har utvikla eit program som gjer det enkelt å lage grafar og diagram og publisere desse på internett.

Frå ei omsetning på 12 millionar i 2011, viser resultata i fjor ifølgje tal frå proff.no ei omsetning på over 40 millionar. Resultatgraden er på over 70 prosent, med eit overskot på 29 millionar i 2014. Verksemda har 17 tilsette.

– Breiband, vegar og handelsavtaler

Nestleiaren i Ap meiner politikarane må gjere meir for å leggje til rette for at andre kan lukkast på same måten.

– Det dei etterlyser frå oss politikarar, er betre infrastruktur: Dei peikar på vegar, breiband og gode handelsavtalar. For verksemder som Highsoft har heile verda som sin marknad, seier Tajik.

Torstein Hønsi

GRÜNDER: Gründer Torstein Hønsi, som starta verksemda, fekk leggje fram sine tankar for stortingspolitikarane. Han peikte på breiband og vegar, seier Tajik etter møtet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Highsoft lagar avanserte presentasjonsløysingar for IT-marknaden og leverer til heile verda. Verksemda har 59 av verdas største verksemder på kundelista, som inkluderer Facebook, Visa, Twitter og Mastercard.

– Vi må gjere slik at ein kan bu på stader som Vik, men likevel ha heile verda som nedslagsfelt. Veldig mange av kundane bur i USA og skaper ny teknologi der.

– Men kva kan de gjere konkret?

– I vårt alternative statsbudsjett foreslår vi over 80 millionar kroner meir enn regjeringa til breiband, så noko kan vi gjere med ein gong. Betre infrastruktur på veg og betre handelsavtalar med andre land, er ting som tek lenger tid å jobbe fram, seier Tajik.

– Highsoft kan inspirere andre

Ho skryt over gjengen på Highsoft, og trur det finst potensial for fleire liknande suksesshistorier rundt om kring på små stader i landet.

– Eg trur dei kan vere til inspirasjon for enkeltpersonar, ved å vise at det er mogleg å vere ei kreativ eldsjel som klarar å stable på beina ei verksemd som lukkast så til dei grader som Highsoft gjer, seier Tajik.

– Men dei er og til inspirasjon for meg og dei lokale politikarane som ser at det er mogleg i litle Norge og bitte litle Vik å få på plass noko som kan skape så store verdiar. Ikkje berre for verksemda, men for heile landet, legg ho til.