– Vis like stor interesse for nett som idrett

Ekspert trur manglande kunnskap og interesse gjer at mange foreldre har dårleg innsikt i kva som føregår på ungdomens smarttelefonar.

Hans-Petter Nygård-Hansen

DISTANSERTE FORELDRE: Føredragshaldar og ekspert på sosiale medium, Hans-Petter Nygård-Hansen, meiner vaksne bør bruke meir tid i borna sitt digitale univers.

Foto: Ingar Næss

– Mange foreldre er opptekne av korleis barn har det i skulen og på fritida, men evnar ikkje å forstå kva dei driv med på nett.

Det seier Hans-Petter Nygård-Hansen, føredragshaldar og ekspert på sosiale medium.

– Foreldre bør oppsøkte meir kunnskap om, og vise tilsvarande interesse for, kvardagen på internett som på idrettsbana og andre aktivitetar.

Illustrasjonsfoto: Apper

MYKJE BRUKT: Ein av tre 10-åringar brukar TikTok vekentleg

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Den veka blei ein mann sikta for seksuelt krenkande åtferd overfor born under 16 år, via videoappen TikTok. Ein av tre 10-åringar brukar TikTok vekentleg, og denne veka slo ein barneskule alarm etter at minst ti jenter blei utfordra til å filme seg sjølv i dusjen.

Eksperten beskriv det likevel som «håplaust» å innføre forbod.

– Forbod er ikkje ein farbar veg å gå. Me må jobbe meir med haldningar og at borna skal føle seg trygge nok til å ta opp slike vanskelege tema med foreldra sine. Det er krevjande om foreldra ikkje viser forståing og interesse.

Dårlege på tryggleik

Det som likevel bekymrar Nygård-Hansen er kunnskapen om tryggleik på nett.

– Ein ser unge som går så langt at dei utvekslar brukarnamn og passord for å vedlikehalde streaken (antal dagar på rad ein har sendt kvarandre meldingar) på Snapchat. Frå der er vegen kort til identitetstjuveri.

Han trur også vaksne er ukritiske i måten dei deler innhald i appar på.

– Den generelle «tryggleikshygiena» er bekymringsverdig dårleg.

– Snakk med andre foreldre

Leif Gunnar Vestbøstad Vik

OPPMODAR TIL DIALOG: Leif Gunnar Vestbøstad Vik trur mange unge føler seg pressa til å vere på visse digitale plattformer, og ber foreldra snakke meir saman.

Foto: Barnevakten

Leif Gunnar Vestbøstad Vik i stiftinga Barnevakten jobbar dagleg med å auke vaksne sin kunnskap om mediebruk blant unge. Han oppmodar foreldre til å legge vekk telefonane sine og snakke saman.

– I møte med foreldre ser me at mange blir utruleg glade for å få diskutere dette med andre foreldre. Så oppmodinga mi blir å samlast i klasserommet og ta ein prat om dei ulike synspunkta.

Han seier dagens barn og unge brukar opp mot fire timar dagleg på ulike digitale einingar. Dette er ikkje medrekna bruk av digitale løysningar i skulen. .

– Bruken av nettbrett startar allereie i 2-årsalderen og veldig mange får smarttelefon når dei byrjar på skulen. Dei blir då aktive mediebrukarar som kommuniserer og deler med andre.

Les også: Her er appene du som forelder bør være obs på

– Still spørsmål og vis interesse

Ekspertane er einige i at foreldre med fordel kan vise meir interesse for borna sin digitale kvardag, både gjennom smarttelefonar og gaming.

– Det er stor skilnad i korleis ein engasjerer seg i nettbruk og andre arenaer. Jamt over bør me bekymre oss for kor lite me veit om borna si deltaking på internett og sosiale plattformer. Ta deg dit til å spele med borna dine, oppmodar Nygård- Hansen.

Også Vik vil ha fleire av foreldra bak skjermen med dei unge.

– Å vise generell interesse og nysgjerrigheit for borna sine interesser, vil smitte over på tillitsforholdet også på nett. Me bør setje oss ned saman med dei å undre oss og stille spørsmål rundt det som engasjerer dei. Då trur eg det blir det enklare å handtere også dei meir komplekse sakene som krev at ein kanskje må gå inn og setje grenser.