Hopp til innhold

– Vil ikkje ofre veg på Vestlandet

Direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland, avviser at ho har bede politikarane om å prioritere jernbaneutbygging på Austlandet framfor andre vegprosjekt elles i landet.

Randi Flesland

AVVISER PRIORITERING: Forbrukarrådet og direktør Randi Flesland kjenner seg misoppfatta, og meiner dei aldri har sagt at dei vil prioritere jernbaneutbygging på Austlandet framfor vegprosjekt andre stader i landet.

Foto: Astrid Engen, NRK

Ytringa frå Forbrukarrådet kom fram under ei høyring i samband med Nasjonal Transportplan tidlegare denne veka, og har skapt sterke reaksjonar blant politikarar på Vestlandet.

Men Flesland meiner det er lagt ord i munnen på ho, og at det slett ikkje er riktig at Forbrukarrådet vil at politikarane skal prioritere tog på Austlandet framfor vegprosjekt i resten av landet.

– Eg registrerer at nokon har lagt i min munn at det skal gå på kostnad av vegutbygging på Vestlandet, men det har aldri kome frå min munn, seier Forbrukarråd-direktøren til NRK.no.

– Tek ikkje stilling til prioriteringar

– Det vi har vore opptekne av er at ein skal gjennomføre utbygginga av dobbeltspor på Intercity på Austlandet raskare enn det som er lagt opp til i NTP. Det vil seie at det bør vere ferdig i 2025. Det er rett og slett fordi pendlarane på Austlandet har det krevjande, og det kjem til å bli fleire pendlarar, og då må vi finne ei god løysing, seier Flesland.

– Men når dykk seier det bør satsast på utbygging av jernbane på Austlandet, ligg det ikkje då i det at noko må nedprioriterast?

– Jo, men det er det politikarane som må velje korleis dei vil prioritere. Forbrukarrådet tek ikkje stilling til det. Vi er opptekne av at pendlarane på Austlandet skal få ein betre kvardag, slik at dei klarar å komme på jobb i tide og hente barna etter jobb i tide, seier direktøren.

Ingen meining om vegprosjekta

Sjølv om dei er opptekne av rask togutbygging, seier ho at dei ikkje har nokon meining om at vegprosjekt i resten av landet, som til dømes E39, bør droppast til fordel for jernbanesatsinga.

– Vi har overhovud ikkje teke stilling til vegutbygging verken på E39 eller nokon annan stad i det heile. Det vi har vore opptekne av er pendlarane på Austlandet.

– Du seier de er opptekne av pendlarane på Austlandet, men skal ikkje de tene brukarar over heile landet?

– Vi er veldig opptekne av alle brukarar i landet. Vi får om lag 100.000 førespurnader i året, og vi hjelper folk i alle kommunar over det ganske land, og det skal vi halde fram med, seier Flesland.

– Men når det gjeld NTP har vi sett at jernbane er særskilt viktig i eit miljøperspektiv. Og når det gjeld tog er det flest brukarar på Austlandet. Vi er også veldig opptekne av vedlikehald på tog, slik at vi slepp å ha så dårleg punktlegheit på tog, og det vil kome heile landet til gode.

– Ein partipolitisk debatt

– Når du snakkar om kor viktig det er med utbygging av jernbane, ligg det i botn at det ikkje er midlar til alt. Har du då forståing for at uttalen kan oppfattast som eit ønskje om høgare politisk prioritering av jernbane framfor andre vegprosjekt?

– Eg har stor forståing for at politikarane må prioritere, men det er faktisk viktig at dei då står for sine eigne prioriteringsstandpunkt i staden for å leggje det i munnen på Forbrukarrådet. For det er faktisk ikkje vår rolle, det er ein partipolitisk debatt, og det må gå føre seg i dei politiske partia og ikkje på Forbrukarrådet sitt kontor, seier ho.