Hopp til innhold

– Vi veit kor desperate dei er

Eirik Bakke trur Sogndal i dag skal få det tøft mot Lillestrøm, som kjempar for å komme unna nedrykk.

Eirik Bakke meiner laget er der dei bør vere.

TRUR DET BLIR TØFT: Sogndal-trenar Eirik Bakke trur han møter eit Lillestrøm-lag som vil gjere alt dei maktar for å komme seg ut av krisa. Då blir det tøft for Sogndal, meiner han.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

I ettermiddag skal Sogndal møte eit Lillestrøm-lag i krise. Laget er under nedrykkstreken og har nettopp bytta ut trenar Runar Kristinsson med ringreven Arne Erlandsen. Men Sogndal-trenar Eirik Bakke vil ikkje bry seg om det.

– Erlandsen kjem sikkert inn og gjer nokre små justeringar, men det handlar meir om oss sjølve. Vi må greie å vere gode på det vi skal vere gode på, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Heimelaget Lillestrøm har hatt ein vanskeleg sesong og er for alvor med i nedrykkskampen. Men med seks kampar att å spele og tre poeng opp til Aalesund, på trygg plass, har Lillestrøm mykje å spele for i ettermiddag.

– Eg trur det blir ein tøff kamp. Eg forventar eit lag som er i poengnød, og då veit vi alle kor desperate dei er. Så vi forventar ein stillingskrig og ein tett og jamn kamp, seier Sogndal-trenaren.

Kjenner stilen

Den siste veka har vore ekstra krevjande for dei gule på Romerike. Sist søndag var Runar Kristinsson ferdig i klubben, og på tysdag kom tidlegare Lillestrøm-trenar Arne Erlandsen attende i sjefsstolen.

Sogndal møtte Erlandsen to gongar i fjor, då han var trenar for Fredrikstad, så Bakke trur ikkje det blir nokre store overraskingar.

– Han har ein stil vi kjenner til, så vi veit litt kva som kjem. Men ein veit aldri korleis eit trenarskifte sler ut, så vi må tenke på oss sjølve, seier han.

Og i kjend stil er Bakke mest interessert i at Sogndal-spelarane skal bry seg om sitt eige spel og sin eigen innsats.

– Det gjeld, som i alle andre bortekampar, at vi må berre trø til og vere tru mot det vi skal gjere, så trur eg det er store sjansar for at vi tar med oss poeng.

Kan sikre eliteserie-plassen

Før kampen i dag står Sogndal med 31 poeng, sju poeng over Stabæk på nedrykksplassen. Ein siger i dag kan roe nervane til mange Sogndal-tilhengarar. Men alt er ikkje heilt sikkert enno.

– Det er seks kampar igjen og mykje kan skje. Vi har to viktige kampar, Lillestrøm og Brann, no før landslagspausen. Og vi kan avgjere det på dei to kampane. Det er viktig å avgjere det så fort vi kan, og det byrjar no mot Lillestrøm, seier Bakke.

Og det er ein klar gjeng som har reist til Austlandet for å kjempe.

– Vi har ein bra tropp. Vi har hatt litt sjukdom og skader i det siste, men vi stiller med om lag det same laget som spelte sist helg.

Og sist helg vart det 3-0-siger over Sarpsborg.

Laster innhold, vennligst vent..