Hopp til innhold

Jølsterjentene spelte for bygda si

EKEBERGSLETTA (NRK): Medan rasinfernoet herja i heimbygda, var Jølster sitt jentelag på Norway Cup. Jentene fekk ikkje tak i sine næraste, men bestemte seg for å spele for bygda.

Hannah Taline Sunde (15) og Maja Skovro (14)

SAMHALD: Hannah Talina Sunde (15) og Maja Støfring Skovro (15) var på Norway Cup saman med dei andre jentene på Jølster J15 då heimbygda blei råka av fleire store ras.

Foto: Idunn Lavik / NRK

Tysdag føremiddag kunne Jølster J15 juble over å gå vidare frå gruppespelet i Norway Cup i Oslo. Det blei ei kortvarig feiring.

Ettermiddagen vart spesiell då bileta frå heimstaden tikka inn på telefonane deira. Det hadde gått fleire ras på Jølster. Folk var innesperra mellom rasa. Store jordmassar velta utover E39, som er hovudåra gjennom Sogn og Fjordane.

Bygda var ikkje til å kjenne att.

– Uverkeleg å sjå bileta frå Jølster

– Eg såg det først på Snapchat. Mange sende bilete av kva som hadde skjedd heime, fortel Aurora Steinarsdotter Årdal (13).

Ho bur i Svidal, der det først kom melding om jordras. Raset låg om lag 70 meter frå huset hennar. Mor Jill Årdal sende bilete av at ei 200 år gammal steinbru i Svidalen var teken av dei store massane i elva.

– Eg fekk sjokk. Eg tenkte ikkje at dette ville skje på Jølster, seier Aurora (13).

Aurora Steinarsdotter Årdal, 13 år

UVERKELEG: – Eg fekk sjokk, seier Aurora Steinarsdotter Årdal (13), som bur i Svidalen, der eitt av dei første jordrasa gjekk.

Foto: Idunn Lavik / NRK

Tidlegare på dagen bada Sunnfjord i sol. Det tok ikkje lang tid før idyllen var broten.

– Det heile skjedde så brått, fortel Aurora (13), som like før hadde fått bilete av venninner som var ute i sola.

Om kvelden var fotballaget samla og fekk orientering om kva som hadde skjedd heime. Dei synest det var rart å følgje med på nyheitene når heimstaden var hovudoppslaget.

– Det var uverkeleg å sjå bileta frå Jølster. Det er jo heimstaden vår. Då er det rart å vere langt vekke, seier Maja Støfring Skovro (15).

Vanskeleg å få kontakt med familien

Det var ikkje alle som fekk kontakt med familien sin. Jentene prøvde å ringe og sende melding på SMS og Facebook Messenger, men mobilnettet på Jølster var nede.

– Mange av jentene på laget bur nær fleire av stadane der det gjekk ras. Vi kjenner mange som filma rasa. Det var skummelt å sjå, seier Maja (15).

Hannah Taline Sunde (15) og Maja Skovro (14)

ETTER KAMPEN: Hannah Talina Sunde (15) og Maja Støfring Skovro (15) måtte mobilisere for å halde fokus under fotballkampen jølstringane spelte etter rasinfernoet.

Foto: Idunn Lavik / NRK

– Eg vart sjokkert då eg såg det hadde gått ras. Det kom så plutseleg. Eg var redd, så eg ringde heim og spurte om det gjekk bra med familien min, seier Hannah Talina Sunde (15).

Ho var ein av få som fekk kontakt med familien med ein gong ho ringde.

For jentene på Norway Cup var det stor kontrast å vere i solfylte Oslo då det gjekk store ras i heimbygda.

Det er heilt uverkeleg at alt dette skjer heime, sa Maja (15) til NRK.

Godt samhald på laget

– Korleis har samhaldet på laget vore medan det har vore så mykje dramatikk heime?

– Det har vore veldig fint. Alle er her for kvarandre. Dersom nokon treng litt ekstra støtte er det alltid nokon ein kan snakke med, seier Aurora (13).

Fotballaget si første deltaking i Norway Cup blei ikkje heilt slik dei hadde tenkt, men jentene har vore flinke til å ta vare på kvarandre.

– Vi har prøvd å hjelpe dei som er ekstra prega av hendinga, slik at dei ikkje trengde å reise heim tidlegare, fortel Hannah Talina (15).

Jølster på Norway Cup

STO SAMAN: Jentene på Jølster J15 støtta kvarandre då rasinfernoet braut ut i heimbygda.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Onsdag var det spelefri for Jølster sitt J15-lag. Jentene måtte jobbe med å halde fokus fram mot kampen mot Skarphedin frå Bø i Telemark torsdag føremiddag.

– Det er berre å skru på «jølstramotet» og stå på. Vi er jølstringar og vi spelar for bygda vår, fastslo lagets keeper Oda Helen Klakegg (16) før kampen.

Dessverre enda kampen med tap og Jølster var ute av turneringa. Trenar Merete Støfring var imponert og meinte jentene hadde gjort ein solid innsats.

– Under kampen tenkte eg ofte på det som skjedde heime. Det er på ein måte litt fint å vere ferdig. Det blir godt å få reise heim, sa Maja (15) til NRK like etter kampen.

No er jølstringane heime i bygda som har vore snudd på hovudet dei siste dagane.

– Det var veldig rart å kome heim og sjå dei enorme skadane i naturen, seier Maja (15).

Aurora (13) er einig med lagvenninna.

– Det var endå verre i verkelegheita, fastslår ho.