Hopp til innhold

– Vi skal vere sjeleglad for at dette ikkje vart ei dødsulukke

Mann (50) på snøskuter påkøyrd av godstog på Bergensbanen. – Ei svært alvorleg hending, seier politiet.

Scooter påkjørt av tog på Finse

PÅKØYRD: Mannen (50) sat på denne snøskuteren då han vart påkøyrd av eit godstog ved Finse stasjon.

Foto: 03030-tipser

– Vi skal vere sjeleglad for at dette ikkje vart ei dødsulukke. Det er eitt under at det gjekk så bra som det gjorde, seier politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannsdistrikt.

I går vart ein 50 år gamal mann på snøskuter påkøyrd av eit godstog på Bergensbanen ved Finse stasjon. Mannen var i ferd med å kryssa ein overgang mellom Finsetunnelen og stasjonen, då han vart treft av toget.

Lettare skadd

50-åringen vart slengt av skuteren i kollisjonen. Mannen vart frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse.

Helse Bergen opplyser at 50-åringen er innlagt med lettare skader etter kollisjonen.

– Dette er ei svært alvorleg hending, og vi har sett i gang etterforsking av saka. Vi snakka med skutersjåføren i går og han fortel at han ikkje var merksam på at toget kom, fortel Aarsand.

Scooter finse

Snøskuteren fekk mindre skader i samanstøyten.

Foto: 03030-tipser

Undersøker om skutersjåføren var aktlaus

Han seier det vil bli gjort nye og fleire avhøyr utover dagen i dag, samt undersøkingar på staden.

– Vi må finne ut skutersjåføren var aktlaus då han kryssa planovergangen, eller om det var andre forhold som gjorde han ikkje såg at toget kom, seier Aarsand.

Det var eit godstog frå CargoNet som var involvert i kollisjonen. På rette strekningar held dei ein hastigheit på mellom 80 og 100 kilometer i timen, medan dei ved stasjonsområdet normalt har ein hastigheit på 40–50 km/t.

Etterforskinga vil gi svar på kva hastigheit godstoget hadde då skutersjåføren vart treft.