Hopp til innhold

– Vi sit her med penn og papir...

Heile politi-Norge har vore utan datanett sidan litt før klokka 17 i ettermiddag. Over heile landet kryssar operasjonsleiarane fingrane for at ikkje noko alvorleg skal skje.

Ole Tom Nord, operasjonsleiar i Florø

SVARTE SKJERMAR: Verken operasjonssentralane eller patruljane til politiet har i kveld tilgang til viktige datasystem. Operasjonsleiar Ole Tom Nord har måtte hente fram blokka på operasjonssentralen i Florø.

Foto: Privat

– Vi har ikkje tilgang på nokon av datasystema våre. Vi er oppe og går på naudnett og telefoni, men når det gjeld datasystem og dataverktøy ligg vi heilt nede, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Florø.

Klokka nærma seg halv fem måndag ettermiddag når operasjonsleiarane merka at noko var gale.

– Då byrja vi å få problem, og så datt det heilt ut. No er det penn og papir på den loggføringa vi er nøydde til å gjere, sukkar operasjonsleiaren.

Han er sjokkert over at ein naudetat som politiet har så lite robuste system.

– Eg synest det er heilt utruleg at det skjer, og eg synest det er utruleg å oppdage at vi er så sårbare. At det ikkje er noko backup på datasystema våre. Førebels har det ikkje fått veldig alvorlege følgjer, men vi sit her med kryssa fingrar og håpar at det ikkje skal skje noko alvorleg.

Oslo: – Får ikkje gjort personsjekk

I landets største politidistrikt, er problema minst like store.

­

Johan Fredriksen

– UTFORDRANDE: Politiinspektør Johan Fredriksen i Oslo politidistrikt.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Vi får ikkje søkt i systema våre. Det er ei utfordring. Det får ein del konsekvensar for oss, men det går heldigvis ikkje utover liv og helse, opplyser Johan Fredriksen, politiinspektør i Oslo politidistrikt.

Han seier:

– Vi får mellom anna ikkje sjekka ut personar og historikken deira, noko som sjølvsagt er viktig for oss når vi til dømes skal rykke ut på ei adresse. Vi får ikkje sjekka ut dei vi handterer, noko som er problematisk.

Dataproblema fører også til politiet ikkje kan sjå kvar tenestebilane er, for kartsystema er også nede.

– Dette er system vi brukar kvar dag, og som vi er avhengige av. Det er eit viktig arbeidsverktøy, men det går ikkje ut over liv og helse for publikum, forsikrar Fredriksen.

Jaktar datafeil i Politidirektoratet

I Politidirektoratet har det blitt jobba på spreng i fleire timar for å få retta feilen.

– Vi har hatt ei hending i politiet sitt datanettverk som har ført til at store deler av politiet sine IT-løysingar har hatt nedetid. Vi har folk på jobb for å finne ut av årsaka til dette, opplyser seksjonssjef Asbjørn Rønnestad.

– Kva konsekvensar får det?

– Reint praktisk betyr det at er utilgjengeleg, men politiet har samband som ikkje er råka. Men ein blir sjølvsagt litt sett tilbake når ein ikkje har IT tilgjengeleg verken på operasjonssentralane eller i bilane.

– Kan det ha vore eit angrep utanfrå?

– Vi har ingen grunn til å tru at det skal vere årsaka.

I Florø forventar operasjonsleiar Ole Tom Nord at nokon blir stilt til ansvar.

– Eg veit ikkje kva eg skal rekne med, med det systemet her, men eg forventar jo at det får ein konsekvens for nokon i alle fall, seier han til NRK.