Hopp til innhold

– Vi må ta vare på vipene

Det vert stadig færre viper her til lands. No vil ornitologar ha di hjelp til å kartlegge bestanden.

Vipe - vaksen

FÆRRE: Vipa er ein kjend og kjær fugl som varslar vår og sommar. Bestanden minkar kraftig og no ber Ornitologisk Foreining om di hjelp til å kartlegge observasjonar av den vakre fuglen med den litt stygge stemma.

Foto: Anders Braanaas

– Eg har vore glad i vipene i mange år. Dessverre så blir dei færre og færre, seier Heidi Vatsø.

Heidi Vatsø

AKTIV: Heidi Vatsø frå Førde er ein av dei som skal i gang med ein vipeaksjon den komande veka der dei skal prøve å få oversikt over vipebestanden i Førde.

Foto: Siri Vatsø Haugum

Ho bur i Førde og er sjukepleiar til dagleg. Dei siste åra har ho fått ei stor interesser for å registrere fuglar. Den komande veka skal ho i gang med å kartlegge situasjonen for vipene i Førde saman med mannen Morten Haugum og dottera Siri Vatsø Haugum som er biolog. Ornitologisk Foreining i Sogn og Fjordane skal samtidig i gang med å kartlegge situasjonen for vipene i heile fylket.

– Eg trur mange har eit forhold til vipa. Det er ein særdeles flott og spesiell fugl. Eg synest vi bør ta vare på mangfaldet blant fugleartane våre, seier Vatsø engasjert.

Synfaring etter Viper

LEITAR: Her ser vi familien Vatsø-Haugum mens dei er ute og ser etter viper.

Foto: Privat

Stor nedgang

Det er registrert ein stor tilbakegang for vipene over heile landet. Fleire stadar så mykje som 80 prosent dei siste 15–20 åra skriv Ornitologisk Foreining i Sogn og Fjordane i ei pressemelding. Vatsø fortel at då dei kom til Førde, i 1995, var det mykje viper å sjå. Dei hekka fleire stadar, også midt sentrum. Sidan den gong har talet på viper minka år for år.

– Hittil i år har vi berre sett tre viper, og det er ikkje kvart år at dei klarer å hekke fram ungar, seier Vatsø.

Vipene er sky fuglar og Vatsø er redd det blir mykje larm og ståk for dei og at vi ikkje er flinke nok til å ta vare på dei.

– Eg trur bøndene var flinkare til å vere obs på vipene før. No er det kanskje slik at ein bonde slår jorda til fleire andre som har lagt opp gardsdrifta. Då har ein ikkje same forholdet til jorda og det som lever der, seier ho.

Vipe - unge

MINKANDE: Her ser vi ein vipeunge. Det vert stadig færre av desse. Om du ser eit vipereir kan du ringe Ornitologisk Foreining på telefon 91721073.

Foto: Anders Braanaas

Ber om hjelp

No ber Vastø folk om å ta omsyn til denne fuglen når dei ser den.

– Fuglen skrik ganske stygt. Det er eit signal på at du skal halde deg litt unna. Hald hunden i band, ver varsam med graving og flyging med modellfly, er nokre av tipsa ho gir.

Utover dette ber ho og resten av fylkeslaget til Norsk Ornitologisk Forening folk flest om hjelp til å kartlegge observasjonar av vipe.

«Den som sender inn tips bør og opplyse om dei har sett reir med egg eller ungar. Vidare ønskjer vi namnet på tipsar, kommunenamn, og namnet på staden der vipa hekkar», skriv fylkeslaget til Ornitologisk Foreining i ei pressemelding.

«Observasjonar kan du melde i ein e-post til Jan Ove Sagerøy på janoves@yahoo.no eller du kan ringe han på 91721073», heiter det vidare.