Hopp til innhold

– Vi kjenner på eit veldig tungt ansvar

GAULAR (NRK): Når lokalpolitikarar i KrF i desse dagar er med på å stake ut kursen som kan bestemme kven som er statsminister om eitt år, er dei med på ein prosess som skil seg ut i norsk historie.

Norunn Lunde Furnes

STORT ANSVAR: Norunn Lunde Furnes seier at Gaular KrF er klar over kor viktig prosessen dei er med på er.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi kjenner på eit veldig tungt ansvar når vi no diskuterer kva vi skal gjere, seier leiar for Gaular KrF, Norunn Lunde Furnes.

I eit lokale eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband var det vesle lokallaget torsdag kveld det første i Sogn og Fjordane som valde delegatar til det ekstraordinære fylkesårsmøtet i slutten av oktober.

Derifrå skal det veljast fem delegatar som skal sendast til det ekstraordinære landsmøtet i KrF 2. november. Her skal partiet bestemme om dei vil regjeringa i lag med Erna Solberg eller Jonas Gahr Støre.

– Hos oss er det litt ulike meiningar, men vi er stort sett samde om at det ikkje er rett å kaste Erna Solberg no, seier Furnes.

Ei kartlegging NRK tidlegare har gjort syner at KrF er splitta, og at det er heilt ope kva partiet landar på.

Uansett er det tydeleg at lokallaga og fylkeslaga som no skal velje delegatar plutseleg har fått mykje påverknad på norsk politikk.

Statsvitar: – Ein nærast unik situasjon i norsk historie

Bernt Aardal ved institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo seier at det som no går føre seg rundt om i lokallaga til KrF er ganske særeige i norsk politisk historie. Partidemokratiet har hamna i sentrum for norsk politikk på ein måte som ikkje er vanleg.

– Det er ein nærast unik situasjon det at dette no skjer ved at partileiinga reiser rundt på ein turne, og at det skjer på ein så open måte. Eg har og inntrykk av at det er veldig godt oppmøte på desse lokallagsmøta som no blir arrangerte, seier Aardal.

Bernt Aardal

SPENNANDE: Bernt Aardal tykkjer det som no skjer i norsk politikk er spennande.

Foto: Ingvild Baltzersen Sund / NRK

Professoren meiner likevel å sjå tendensar til at alt ikkje er så roseraudt som det har vore. Partileiar Knut Arild Hareide har vore veldig oppteken av at det skal vere lov med usemje, og at partiet må gå igjennom ei fri meiningsbryting utan at det splittar partiet.

– Men no ser det ut til at det spissar seg til, og dei faktiske politiske skilnadane kjem til overflata og skapar meir konflikt.

Aardal tenkjer då mellom anna på kronikken som nestleiar Kjell Ingolf Ropstad skreiv i VG i dag.

Årsmøte i Gaular KrF

SAMHALD: Norunn Lunde Furnes i Gaular KrF tykkjer det er viktig med samhald, sjølv om partimedlemmer kan vere usamde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Viktig med samhald

Norunn Lunde Furnes i Gaular trur det er viktig at partiet klarar å halde seg samla i prosessen det no går igjennom.

– Det må vere takhøgd for ulike meiningar, og det opplever eg i alle fall at det er hos oss.

Dei neste vekene skal det haldast ekstraordinære årsmøte i hundrevis av lokallag i KrF, og 20. oktober er Rogaland først ut med sitt fylkesårsmøte.