Hopp til innhold

Satsar på ein sikker russebil

Timevis med arbeid ligg bak. For denne gjengen vil ha den sikraste russebilen i fylket.

Russebil

RED BULL: Utforminga står i forhold til namnet på russebilen.

Foto: Mari Langva / NRK

– Tryggleiken betyr mykje. Folk er gjerne litt berusa i russetida, og då er det spesielt viktig at bilen er sikker, seier Espen Løbø Solhaug, ein av dei ferske russane som skal prege mai månad i år.

Går for siger

Ola Haugen Grøneng, Espen Løbø Solhaug og Kristoffer Grythe har lagt alt til rette for ei minneverdig russetid. Bilen er brannsikra, belte er montert til alle passasjerar, stereoanlegget dundrar og utanpå er bilen utforma som ein okse.

– Red Bull skal bli vinne prisen for den sikraste russebilen, seier dei sjølvsikkert.

Statens vegvesen kårar årets "Mest trafikksikre russebil" kvart år, med ein premie på 3000 kr for den beste i kvar region. Bilen som tek den nasjonale sigeren sikrar seg 20.000 kr.

Ola, Espen og Kristoffer i russebilen

GLER SEG: Ola Haugen Grøneng, Espen Løbø Solhaug og Kristoffer Grythe er klare for russetida.

Foto: Mari Langva / NRK

Fokus på tryggleik

– Vi merkar at russen har fokus på tryggleik. Allereie når dei skal kjøpe bilen er det mange som ber oss om gode råd. Det er tydeleg at dei vil ha ein trygg og problemfri bil i russetida, seier Helge Ullebust frå Statens vegvesen i Sunnfjord.

På trafikkstasjonen kan russen få sjekka bilen gratis. Då vert køyretøyet sjekka generelt, og eventuelle ombyggingar på innsida blir godkjent.

– Mange har snudd på seta og pynta bilen med forskjellige stoff. Vi sjekkar at alt er festa som det skal, at alle har setebelte og at det ikkje er brukt stoff som lett tek fyr, fortel Ullebust.

Han gir mykje skryt til russen, for han merkar at bilane blir betre og betre for kvart år. Eitt godt råd vil han likevel gi til årets avgangselevar:

– Pass på køyretøyet, men det viktigaste er at sjåføren har eit godt hovud!

Russebilgodkjenning

SIKKER: Statens vegvesen tilbyr gratis kontroll av russebilar. Oblatet stadfestar at denne er godkjent.

Foto: Mari Langva / NRK

Hardt arbeid

Med tre brannslokkingsapparat, brannteppe, brannhammar og brannsikre setetrekk er det ingen tvil om at tryggleiken står i høgsetet hos Red Bull-gjengen.

Men bilen har også finesser med heilt andre føremål. I taket og under borda er fargerike lysdiodar montert, og stereoanlegget er splitter nytt.

– Det ligg enormt mange arbeidstimar bak. Det har gått med mange helger, fortel Espen.

– Men vi har fått litt hjelp, då, det er difor det står «Takk til pappa» bak på bilen.

Russebil - takk til pappa

TAKK: Sjølv om gutane har gjort det meste av jobben sjølv, er det enkelte som fortener litt merksemd bakerst på bilen.

Foto: Mari Langva / NRK

– Plass til jente

Til saman er dei åtte gutar som deler bilen med ni sete.

– Vi tenkte å bruke den siste plassen til ein sjåfør, men om ei fin jente vil sitte på så kan det nok bli ei rå med det, ler dei tre gutane.

Lys i russebilen

FAVORITTEN: – Lysdiodane er det tøffaste på bilen, meiner gutane.

Foto: Mari Langva / NRK