– Veldig sjeldan i norske farvann

Månefisken må ein normalt sett til det sørlege Atlanterhavet for å finna. Men i dag vart eit eksemplar av den veldig sjeldne fisken fanga i Førdefjorden ved Redalen.

Månefisk i Førdefjorden

Stemninga var høg når det vart bekrefta at det var ein månefisk. Frå venstre: Erik Sandstrøm, Kristian Winters, Kamilla Grytten, Ivar Grytten og Johannes Sandstrøm.

Foto: privat

– Dette er veldig spanande, seier Ivar Grytten.

Hard kamp

Ivar Grytten

Ivar Grytten

Foto: privat

Han og familien er på ferie, og har dei siste dagane observert fisken i overflata i fjorden, og då mor og far til Grytten var ute å fiska i dag tidleg, fekk dei på nytt eit møte med sjeldanheita.

– Han såg den dukka under, og klarte å manøvrera båten til der fisken kom opp att. Det vart ein hard kamp, men han klarte å få eit tau rundt den og ta den med inn til fjæra, seier Grytten.

Grytten seier at fisken vog ein stad mellom 50 og 100 kilo, og den var om lag éin meter lang og 120 centimeter brei.

– Fantastisk spesiell fisk

– Det går i alle fall mellom fem og ti år for kvar gong me høyrer om ein slik fisk so langt nord, seier marknadsdirektør ved Atlanterhavsparken i Ålesund, Tor Erik Standal til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Månefisk i Førdefjorden

– Den liknar ikkje på nokon andre fiskar, seier Tor Erik Standal.

Foto: privat

Han er overraska over at fisken har forvilla seg so langt mot nord.

– Den er veldig sjeldan i norske farvatn. Den høyrer til heilt sør i Atlanterhavet, utanfor Portugal og Spania, seier Standal.

Månefisk kan bli heilt opp mot 300 kilo på det største.

– Kjem til å døy

Atlanterhavsparken har hatt nokre få eksemplar av den spesielle fisken før. Dei vart veldig interesserte då dei høyrde om månefisken i Førdefjorden, men valde likevel å sei nei til å ta den imot ved akvariet.

– Fisken kjem truleg til å døy innan kort tid. Den ser ganske dårleg ut, og hadde det vore eit dyr på land so hadde nok den blitt avliva av myndigheitene, seier Standal. .

Han seier at det beste å gjera når ein ser ein slik fisk, er å nøya seg med den naturopplevinga det gjer, og so la fisken vera i fred. .