– Løysinga er ikkje å gje han sparken. Då fjernar han alle moglegheiter til å kunne gjere opp for seg, seier leiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball.
I går vart det klart at Molde-spelar Vegard Forren risikerer å få sparken i Molde, etter at det kom fram at han mellom anna har brukt pengar frå klubben sin spelarkonto for å dekkje eigen gjeld.
Enn så lengje er framtida hans uviss.
Det får Sogndal-leiaren til å reagere.
– Trist
I 2011 vart fleire i klubbleiinga i Sogndal tekne på senga då deira eigen spelar Ørjan Hopen sto fram som speleavhengig. Med over ein halv million i gjeld, valde dei å hjelpe han ut av situasjonen.
– For oss var det viktigaste å gjere det me kunne. Det er forferdeleg å stå i noko slikt åleine, seier han.
Han presiserer at han ikkje kjenner alle detaljane i Forren-saka.
– Men det er klart, han treng verkeleg all den bistand han kan få for å komme seg ut av dette. Det hadde sete ganske langt inne før me bad nokon om å pakke kofferten og dra herifrå, i alle fall.
Skal jobbe med Forren
Tidlegare toppdommar Per Ivar Staberg driv organisasjonen «Bortekamp», som arbeider mot speleavhengnad blant idrettsutøvarane. Organisasjonen vart starta saman med nettopp Ørjan Hopen.
– Me budde i lag i åtte månader, og då lærte eg svært mykje om speleavhengnad hjå han.
Ei undersøking som Bortekamp har gjort saman med NISO og VG viser at så mange som 1 av 10 idrettsutøvarar slit med tendensar til speleavhengnad.
Staberg har vore i kontakt med Forren, og håpar å kunne hjelpe han vidare i tida som kjem.
– Det er viktig at han ikkje får kjensla av å stå åleine. Men no har han tatt første steget og innrømma problemet. Så er det viktig at han får den oppfølginga som passar for han. Eg trur også det er viktig å få landa om han vert Molde-spelar eller ikkje.
Landsdekkjande problem
Lars Petter Degnepoll i Lotteritilsynet, som gir økonomisk støtte til «Bortekamp», fortel at problemet med speleavhengnad er stort.
– Me har nettopp fått ei undersøking frå Universitetet i Bergen som syner at rundt 55.000 i Noreg har problem med speleavhengnad, seier han.
Han seier problemet er allment og råkar i alle lag av folket, men at enkelte grupper kan vere ekstra utsett.
– Idrettsutøvarar har jo ofte ein del pengar mellom hendene, og ekstra tid, seier han.