Hopp til innhold

– Vart heilt mållaus då vi vann

Vossa Pale Ale frå Voss Bryggeri vart kåra til det mest innovative ølet i 2013, ei kåring der i alt 25 norske øl konkurrerte om prisen.

Jeanette Lillås

GLAD: Jeanette Lillås, medeigar av Voss Bryggeri, vart heilt mållaus då ho fekk beskjed at Vossa Pale Ale stakk av med prisen for årets øl-innovasjon 2013.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det var kjempekjekt og vi er veldig stolte. Eg vart heilt mållaus då dei ringde og sa at vi hadde vunne, seier ei oppglødd Jeanette Lillås. Ho, Jon Gjerde og Dag Jørgensen eig og driv i dag Voss Bryggeri.

VPA vinner

PÅ ØVSTE HYLLE: Prisen er plassert inne i mikrobryggeriet, og står saman med ei flaske Vossa Pale Ale. Prisen er laga av porselen og er frå Figgjo.

Foto: Tale Hauso / NRK

Prisen fekk dei i Stavanger for nokre veker sidan, men måtte halde det hemmeleg fram til litt før nyttår då det endeleg vart offentleggjort. Det var TV2 og programmet «Det Norske Måltid» som til slutt kåra årets øl-innovasjon 2013.

Inspirasjon frå vossingane

Det var for ølet Vossa Pale Ale (VPA) at Voss Bryggeri fekk innovasjonsprisen for 2013. Dette er eit øl laga av ein blanding av gamle tradisjonar og meir moderne bryggeteknikk.

– Inspirasjonen kjem frå vossingane som har brygga på garden sin gjennom fleire tiår, seier Lillås.

Bryggeriet har fått mange gode tips frå dei lokale bryggarane om korleis dei har brygga på gardane sine. Voss Bryggeri har tatt med deira metodar og oppskrifter inn i ølet sitt, og samtidig nytta moderne aromahumle og litt kullsyre. Dette bruker ein vanlegvis ikkje i heimebrygget på Voss.

– Vi har prøvd å lage ei modernisert utgåve av heimebrygget, seier Lillås.

Ho syntest det var veldig kjekt at akkurat Vossa Pale Ale vant.

– Dette ølet ligg veldig nær hjartet vårt og det er eit øl vi har jobba veldig mykje med. Det representerer oss som bryggeri, så det var ekstra kjekt å få anerkjenning for akkurat dette ølet.

(Artikkelen held fram under biletet)


– Eit nytenkt øl

Årets innovasjonsøl

NØGD: Dag Jørgensen og Jeanette Lillås er stolt av prisen dei fekk for ølet sitt.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Innovasjonsprisen er ein spesiell pris, og den er ikkje som andre ølkåringar. I denne kåringa er det ikkje berre smaken som betyr noko, men også design, strategi, vekstpotensial, nytteverdi og sjølvsagt originalitet og nytenking, seier Aase Jacobsen, administrerande direktør i Apéritif.

Aase Jacobsen

I JURYEN: Aase Jacobsen var med å kåre Vossa Pale Ale til årets innovasjonsøl.

Foto: Gunnar Mjaugedal / Catchlight

Ho var med i juryen som kåra Vossa Pale Ale til vinnar av innovasjonsprisen 2013. Trond Blindheim, rektor Markedshøyskolen, Stein Killi, professor i industridesign, Arkitektur- og Designhøyskolen og Stein Øvre, grafisk designer i Creuna, Jørn Tore Persen, Ølakademiet, Per Ø. Arnesen, Ølportalen og Gustav Foseid, Norbrygg, var også med i juryen.

– Vossa Pale Ale fekk prisen fordi det er eit øl som er brygga etter god gammal norsk tradisjon, der einerlog vert brukt i sjølve brygginga. Dette er ein tradisjon som går minst 1000 år tilbake i tid. Og så vidt vi veit, så er Vossa Pale Ale det fyrste ølet som bruker denne bryggetradisjonen i kommersiell forstand. I tillegg smaker ølet veldig godt.

Realiserte draumen

I 2011 flytta Dag og Jeanette frå Oslo til Voss med store planar. Dei ønskja å starta opp Hordalands fyrste mikrobryggeri. Saman med vossingen Jon, som har brygga øl på garden i over 20 år, vart Voss Bryggeri etablert i februar 2012.

Allereie i april 2013 starta dei å selje øl, og heile 14 ulike sortar har blitt brygga sidan då. Bryggeriet ligg høgt oppe på Kyte, ca. ei mil frå Voss sentrum.

– Då vi starta produksjonen i april hadde Voss Bryggeri eit produksjonsanlegg på 1000 liter. Då forstod vi at ølet måtte bli distribuert utanfor Voss, for vossingane drikker jo ikkje så mykje øl, seier Lillås.

Difor sel dei ølet i Bergen, Stavanger og Oslo. I tillegg er ølet på utvalde stader i stort sett heile Hordaland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Malmsekker

MALTSEKKER: I smakslokalet på Voss Bryggeri ligg maltsekkane stabla.

Foto: Tale Hauso / NRK

«Blod, sveitte og tårer»

Lillås seier at det er tøft å byggje opp eit mikrobryggeri, og at det viktig å gjere alt riktig frå starten av for å få det til.

– Det er blod, sveitte og tårer som ligg bak dette. Eg håper folk kan sjå at vi produserer eit ekte og personleg produkt. For vi er tre eldsjeler og ølentusiastar som står bak og ølet er laga med kjærleik, seier Jeanette Lillås.

Lillås håper at innovasjonsprisen kan vere med på å auke etterspurnaden, så Voss Bryggeri kan selje meir øl og leve vidare som eit bryggeri også mange år framover.

– Vi har lyst å bli større, men fyrst treng vi fleire gjæringstankar så vi kan produsere meir øl. Vi håper dette kan skje innan nokre månadar, legg Jeanette Lillås til.

Jeanette Lillås

PRODUKSJON: Det er i kjellaren på Voss Bryggeri at magien skjer.

Foto: Tale Hauso / NRK