Hopp til innhold

– Utan oppgåver er dette lite interessant

Regjeringa legg i dag fram sitt forslag til kva oppgåver dei meiner større regionar bør få. Det vil vere svært viktig for viljen til samanslåing, meiner fylkesordføraren i Sogn og Fjordane.

Vestlandsregion

KAN SLÅ SEG SAMAN: Vestlandsregionen, som kan overta for fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Foto: NRK

For fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland krev at eit nytt stort vestlandsfylke må få ansvaret for Statens vegvesen, Kulturrådet, Integreringsdirektoratet og fleire andre statlege etatar.

– Utan oppgåver så er det relativt lite interessant, for fylkeskommunane greier godt å løyse oppgåvene i dag. Pluss at vi kan ta endå fleire oppgåver ut frå storleiken på fylka, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Spente før dommen

Jenny Følling

STILLER KRAV: Fylkesordførar Jenny Følling går ikkje inn i ein større region utan vidare.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men det krev at regjeringa syner vilje til å byggje ned statsbyråkratiet og gi regionane får meir makt, meiner Følling.

Tysdag legg regjeringa fram oppgåvemeldinga om framtidas regionar. Kommunalminister Jan Tore Sanner bad i fjor sommar fylkeskommunane om å ta nabopraten, og på Vestlandet er dei godt i gang.

– For det første må ein ha dei oppgåvene vi har i dag, det gjeld vidaregåande skular og samferdsle og veg, og få vegadministrasjonen fullt ut for det vegnettet vi faktisk har, seier Følling, og legg til at dei i tillegg har peika på kultur, samt høgskulane og delar av spesialisthelsetenesta.

Noralv Distad på Høgre-møte

HELD IKKJE PUSTEN: Høgre-ordførar Noralv Distad har ikjke dei store forventningane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Aurland ventar også ordførar Noralv Distad frå høgre spent, men forventingane er heller labre.

– Det er nok mogleg å overføre ein del statlege oppgåver til regionane. Det kan vere oppgåver som blir flytta frå Fylkesmannen og det kan vere utvida oppgåver anten på undervisning eller andre område. Men eg trur ikkje ein kan vente dei heilt store endringane. Då vil eg bli overraska, seier Distad.

Låge forventningar

Sogn og Fjordane ønskjer å få med seg Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal i ein ny folkevald region. Rogaland er splitta, og nokre vil helst berre ha med seg Hordaland. Hordaland er på si side positive, medan ein i Møre og Romsdal er negative.

Jon Aasen

SPEL FOR GALLERIET: Det meiner fylkesordførar Jon Aasen om dagens melding.

Foto: Roar Halten / NRK

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal, trur dagens melding mest er eit spel for galleriet.

– Eg må berre innrømme at eg har veldig små forventningar. Eg blir veldig overraska om det var noko som helst av interesse i den meldinga.

Stortingsfleirtalet vil behalde fylkeskommunen, men regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet har programfesta å leggje den ned.

– Gudane må vite kva som kjem, seier Aasen.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vil ikkje kommentere saka før meldinga er lagt fram. Til hausten må fylka ha bestemt kven dei vil slå seg saman med, og neste vår skal reforma handsamast i Stortinget saman med kommunereforma.